John Tonnessen (MDG). Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

DEBATT: For å klare å endra måten me gjer ting på, må me endra måten me tenkjer på. Det er dette som er den største utfordringa til Halleraker.

Kurt Henning Ådnanes, førstekandidat Bømlo MDG
John Tonnessen, førstekandidat Stord MDG

10. februar skriv daglig leiar i Hordfast AS, Øyvind Halleraker, at Vestlandet treng Hordfast. Han snakkar om næringsliv og folketalsvekst, for å konkurrere med Stor-Oslo.

Han nevner titals tusen nye boliger utanfor storbyen. Diverre har Halleraker eit einsidig fokus på konkurranse om næring og vekst. Men fleire og fleire har byrja se at dette einsidige fokuset har skapt ein ubalanse i verda som ikkje lenger kan halda fram.

Vestlandet, Noreg og resten av verda treng at me endrar måten me gjer ting på. Me må rett og slett slutta med storparten av utsleppa og naturinngrepa våre. For å klare å endra måten me gjer ting på, må me endra måten me tenkjer på. Det er dette som er den største utfordringa til Halleraker. Klima og natur blir ikkje nemnt med eitt ord.

At båt er ein “antikvarisk reisemåte” er ikkje riktig. Det skjer stadig innovasjon innanfor sjøfart – og sjølv om vestlendingar har reist sjøvegen i tusenvis av år, er det på ingen måte avleggs. Vårt fortrinn er jo nettopp nærleiken til havet og all kompetansen me har
på dette området. Å konkurrere med Austlandet om å køyre raskast mogleg buss, trur ikkje me er vegen å gå. Sjølvsagt må me også sikre arbeidsplassar og inntekter på Vestlandet, men næringsutvikling er ingen naturlov – i motsetnad til dei faktiske
naturlovane, som seier me må endre kurs.

- Annonse -

Politikk handlar om ulike syn på kva slags utvikling me ønsker oss, og korleis me på best måte kan nå det målet. Grøn næringspolitikk handlar mellom anna om å gi gode vilkår til gründarar i heile Noreg, og å gi sterke insentiver for å satse på miljø – noko kundar i større og større grad etterspør internasjonalt.

Hurtigbåtar, ferjer og fraktebåtar av alle slag blir utvikla og bygde her hos oss. Kvifor er me flinke på dette? Fordi sjøen er viktig. Utanlandske selskaper kjøper seg inn i norsk båtbyggjarteknologi fordi me er gode på dette! Då skulle det berre mangla at me sjølve nyttar lågutsleppsteknologi for sjøfart, og at industrien til å byggja han ut ligg her i Sunnhordland.

Daglig leiar i Hordfast AS ser til Østlandet og vil ha det same som dei, titusenvis av nye boliger og store nye vegar. Han vil konkurrere med Oslo på Oslos premisser. Men me har i dag ei klima og natur-krise, dette er anerkjend av snart alle. Difor skal verda over i ein sirkulær økonomi, og me må redusere kor avhengige me er av transport, noko som betyr at me må først og framst bygge gode lokalsamfunn.

Halleraker snakkar om ansvar for kommande generasjonar. Nettopp dette ansvaret er drivkrafta til mange av oss som er aktive i MDG. Me, alle sammen, må endra tankegang hvis me skal klara å unngå det verste av klimaendringar. Me er i ei tid der me treng å spørre korleis me kan unngå å leggja fleire byrder på naturen og klimaet.

Hordfast er born av forrige århundres tankegang, der verdiar som natur og klima er uviktig, og økonomisk vekst er den einaste verdien ein ser. MDG er det partiet som i størst grad har snakka om kor mykje verda treng ein ny mentalitet. Lenge har me sagt det som no alle er samde om, me treng eit grønt skifte. Då MDG først sa det, var omtrent ingen av dei andre partia samde, no er det blå og røde regjeringar si politikk å snakka om det grøne skiftet. Men skal me gjennomføre det må me velja inn politikere som verkeleg trur på det, og ser at det er naudsynt å forme kraftfull politikk som verkeleg bidrar til klimakutt og bevaring av natur.

Me i MDG ser sjølvsagt at kortare reiseveg til Bergen-Stavanger er bra for mykje, men me ser også kostnadane som excel-arket ikkje tek med.

Og me ser og tek ansvar for å finne andre løysingar – fordi levekåra i framtida er viktig for alle.

- Annonse -
Forrige artikkelBømlo: Mann arrestert etter trugande og aggressiv oppførsel på Bømlo
Neste artikkelOvergrepssak: Frykta at fengsla sunnhordlending skulle påverka vitne