Regjeringa seier at det ikkje er naudsynt med førehandsinnkrevjing av bompengar for Hordfast. No blir heile prosjektet skrota.
- Annonse -

Etter førespurnad frå Stord kommune avviser Samferdselsdepartementet at førehandsinnrevjing av bompengar er naudsynt. 

I førre møte i formannskapet på Stord vedtok politikarane førehandinnkrevjing av bompenger for å finansiere Hordfast, men vedtok også å spørje regjeringa om dette verkeleg var naudsynt for framdrifta av prosjektet.

No har samferdselsdepartementet svart Stord kommune, der dei avviser nytten av førehandsinnkrevjinga.

– Det er etter Samferdselsdepartementet si vurdering ikkje behov for forhandsinnkrevjing av bompengar til planlegging av Hordfast, gitt dei forutsatte planleggingsmidlane i Statens
vegvesen sitt handlingsprogram, skriv departementet.

Øyvind Halleraker er dagleg leiar i Hordfast AS. Foto: Wikimedia Commons

– Svært gode nyheiter

Det har ført til at Øyvind Halleraker i Hordfast har sendt eit brev som er lagt ut for politikarane i dag. Han konkluderer med at han no ikkje vil gå vidare med saka, føreset at planleggingsmidlane blir løyva over statsbudsjettet.

– Dette er svært gode nyheiter og set Statens Vegvesen i stand til å halda fullt trykk på tempoet i planprosessane framover for Hordfast. Dette stadfester at prosjektet har høg prioritet, noko som og kjem fram i våre samtalar og møter med sentrale styresmakter i seinare tid, skriv Halleraker.

- Annonse -
- Annonse -

– Grunna denne gledelege utviklinga for prosjektet no i haust, ser vi det slik at det på noverande tidspunkt ikkje er naudsynt å belasta ferjebrukarane med førehandsbompengar.

– Spesielt at Halleraker ikkje sjekka dette

Nils Magne Blålid i Stord SV., foto: Jonas Sætre/Stord24

Kommunestyret vedtok på bakgrunn av dette å seie nei til førehandsinnkrevjing.

- Annonse -

– Eg må seie at eg synest det er spesielt at Halleraker ikkje sjekka ut kva som ligg av planleggingsmidlar i Vegvesenet, i staden for å setje i gang eit stort politisk apparat i alle kommunane, sa Nils Magne Blålid (SV).

Halleraker svarar slik på kritikken frå Blålid:

– Blålid kan kjenne seg trygg på at me har svært god kontakt med sentrale styresmakter. Me har sjølvsagt hatt kunnskap om kva beløp som låg i handlingsprogrammet. Det nye er at me no har fått stadfesta skriftleg frå departementet, at dette er tilstrekkeleg for halda tempoet oppe.

Torbjørn Brosvik (KrF) nytta høve til å oppmode kommunestyret til å halde trykket oppe med tanke på framdrifta at prosjektet.

– Det er mange atterhald om at det som blir lagt inn i statsbudsjette blir fullført. Det eg vil at me skal ta med i saka er at Hordfast skal bli realisert så fort som mogleg. Me må halde trykket oppe, sa Brosvik.

- Annonse -