MF Samnøy har kurs mot ferjekaien. Arkivfoto: Harald Johan Sandvik
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Vegtrafikksentralen melder at ferjesambandet er stengt grunna mykje tåke tysdag morgon.

SISTE: Klokka 11 melder Vegtrafikksentralen at det framleis er problem forsinkingar og innstillingar på ferjesambandet. Ferja går når vêret tillet det.

– Det går ingen ferjer i sambandet for augneblinken. Eg snakka med mannskap på brua på ferja som var på veg til Sandvikvåg. Dei kjem ikkje til kai grunn av tett tåke. Det same gjeld andre veg, opplyste trafikkoperatør Anne Norheim ved Vegtrafikksentralen til BT i 8-tida tysdag.

Meldinga om at sambandet var innstilt gjaldt frå klokken 07.17 tysdag.

Torghatten Nord infomerer på heimesidene sine at innstillinga skuldast mykje tåke.

– Alle avgangar er forsinka grunna mykje tåke, det kan i verste bli kanselleringar.

- Annonse -
- Annonse -

Selskapet opplyser at det gjekk ei ferje frå Sandvikvåg i 8.30-tida, men at problema likevel vedvarar.

Frustrerte reisande

Signe Ekeland frå Stord opplyser i ein Facebook-kommentar at ho er om bord på ei av ferjene, som ligg ute i fjorden og ventar på at tåka skal lette.

– Eg er ombord i ei av dei nye Torghatten-ferjene. Me ligg ikkje til land, sjølv om det er det selskapet informerer om både på SMS og på nettsider. 

Ho reagerer på manglande informasjon frå fejreoperatøren.

- Annonse -

– Det kunne vore greitt å få meir informasjon ombord. Me anar ikkje kor langt frå land me er, om ferja går eller ligg litt utpå på fjorden og ventar på at tåka lettar.

João Costa Ribeiro frå Stord brukte 3,5 time på å kome til Bergen måndag morgon grunna ferjetrøbbelet.

– Meir enn ein times forsinking gjorde at ein to timars tur blei til ein 3,5 timar lang tur. Veldig bra service og drift med dei nye ferjene og den nye ferjeoperatøren mellom Halhjem og Sandvikvåg! skriv Ribeiro ironisk på Facebook.

I følgje Yr er det venta at tåke vil lette utover føremiddagen.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -