Slepebåten "Molly" måte dra ferja Bastø II i ein fart på 1,5 knop. Foto: Tipsar
- Annonse -

102 passasjerar var om bord på ferja då ho fekk motorstopp midt i Bjørnafjorden.

Klokka 13.49 fekk Hovedredningssentralen melding om at ferja Bastø II har fått motorstopp midt i Bjørnafjorden mellom Halhjem og Sandvikvåg

Etter meir enn fem timar kunne passasjerane endeleg forlate ferja. Etter ei langvarig tauing la Bastø II til kai på Halhjem først klokka 19.16.

– Me har fått opplyst at det er 102 menneske om bord, sa redningsleiar Jan Lillebøe ved Hovedredningssentralen Sør-Norge til BT.

Han seier til avisa at kystvaktskipet «Bergen» er i området og forsøker å få start på motoren igjen.

Det skal ikkje vere noko dramatikk om bord på ferja, seier ein passasjer som BT har snakka med.

- Annonse -

Etter kvart vart slepebåten «Molly» sendt ut til ferja for å slepe ho inn til ferjekaien på Halhjem.

Her blir «Bastøy II» slept i sneglefart inn mot ferjekaien på Halhjem. Foto: tipsar

Vegtrafikksentralen opplyser at det vil bli kanselleringar og forsinkingar på ferjesambandet utover kvelden. Desse avgangane frå Halhjem vil utgå:

  • 16.50
  • 1740
  • 2010
  • 2110

Johan Ove Sørfonn frå Fitjar er ein av passasjerane om bord på ferja som har fått motorstopp. Når Stord24 snakkar med han i 16-timar er det framleis langt igjen til ferja er blitt taua inn til land.

– Me er framleis om bord på ferja på veg til Halhjem. Med denne farten her tek det fleire timar. Me går med halvannan knop fart med ein liten taubåt. Så det går jækla seint. Det er bestilt ein ny større båt, men det tek nok ein time før den er her ute, seier Sørfonn.

– Veit de kor lang tid det tek før de er i land?

– Nei, dei har ikkje sagt noko om.

– Korleis blir de ivareteken om bord på ferja?

– Me får gratis kaffe, te og sveler, og resten av maten må me betale for. For oss er ikkje dette noko stort problem, for egr skal jo berre til Fitjar. Men det er jo mykje verre for dei som skal vidare sørover.

Sørfonn er oppgitt over alle problema som har vore på sambandet etter at Torghatten Nord overtok drifta ved årsskiftet.

– Det er jo heilt tragisk at dette sambandet er blitt så dårleg.

Bastø II er ein av dei innleigde ferjene som Torghatten Nord nyttar medan dei venter på dei forsinka nye ferjene som er bestilt inn.

- Annonse -