Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Alle kommunane i Sunnhordland oppmodar innbyggjarar om å halda seg i heimkommune heile påskeveka. Dette gjeld også ved bruk av campingvogn, bubil og fritidsbåt.

Informasjonen kjem i siste nytt frå kriseleiinga i Fitjar kommune. Dei rår deg heller til å ta i bruk naturen og friluftsområda me har i kommunane.

– Påsken byr på gode mogleigheiter til å koma seg ut i frisk luft og nyta storslått natur.

Les ogso: Kva med å samla trimpoeng, gå på Telltur eller gå på stolpejakt i påsken?

– Følg styresmaktene sine tilrådingar, mellom anna må de alltid sørge for god handhygiene, og at de held litt større avstand til kvarandre.

Nytt smittetilfelle

Kriseleiinga melder ogso om at det no er seks personar som har fått påvist koronasmitte etter testing i Fitjar.

- Annonse -

– Gjennom smittesporing er det konstatert kvar smitten kjem frå, opplyser Fitjar kommune.

Fitjar er kommunen i Sunnhordland som er klart hardast råka av koronaviruset, med eit smittetal på 1,88 per 1000 innbyggjar.

Også i Bømlo er det no registrert eit nytt smittetilfelle. Totalt er det tre personar smitta på Bømlo. I Stord kommune er talet framleis fem.