Slik ser statuen over Håkon den gode ut i dag. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fredag kveld blei det oppdaga tagging på veggen til Fitjar bedehus, og i dag viser det seg at statuen over Håkon den Gode er utsett for liknande.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Det var «Sunnhordland» som melde på nettavisa si om tagging av veggen på Fitjar bedehus. Fredag kveld oppdaga nokre ungdommar at folk hadde spraya ned fasaden på bedehuset.

No viser det seg at riksmonumentet over Håkon den gode har blitt utsett for den same behandlinga. Lensmann Roald Raunholm fortel i ettermiddag at dette ikkje er meldt til politiet.

I Fitjar kommune fortel assisterande rådmann Svein Dale Soleng at dei vurderer å melda saka til politiet. Ordførar Wenche Tislevoll er mest oppteken av å få vekk svineriet, og har bedt om at statuen blir spylt snarast.

– Skadeverk som dette er ikkje greitt, seier ordføraren, anten det er privat eller offentleg eigedom!

Foto: Kjetil Rydland

- Annonse -