Sigurd Sælevik Fjose fekk oppdraget med å tømma olje over Jonas Alexander Foldnes (t.v.), Inger Christin Hystad Barane, Elin Drønnesund og Ida Elisabeth Sælevik Fjose. Foto: Stord SU
- Annonse -

KOMMENTAR: Hetsen som dei engasjerte ungdommane i Stord SU har opplevd dei siste dagane er uakseptabel.

Av: Jonas Sætre
redaktør i Stord24

Sitatet i tittelen tilhøyrer Morten Osen. Han er ein av mange, nesten utelukkande menn, som har kome med svært nedsetjande kommentarar om ein gjeng engasjerte ungdommar.

Her er nokre andre døme:

«De er syke… eller kanskje bare idioter?» skriv Geir Lauve. «Bruka tjære og fjør i stadenfor» skriv Harald Rørvik.

Dette er altså eit lite utval av dei totalt – hald deg fast – 336 kommentarane som folk har lagt igjen på Facebook dei siste dagane.

- Annonse -

Så, kva er det desse nett-trolla hissar seg så forferdeleg opp for? Det dreier seg om ein aksjon som Stord sosialistisk ungdom gjekk i gang med for nokre veker sidan. Fem ungdommar ønskte å setja fokus på miljøsaka ved å protestera mot dei store oljeselskapa. Det gjorde dei ved å hella olje over seg som ein symbolsk handling.

Stord24 omtalte aksjonen, og kommentarfelta sto ikkje stille eit minutt. Me følgte med så godt me kunne og tok unna det verste, men måtte etter kvart gi opp då talet på kommentarar var kome opp på 139. Då valte me å sletta innlegget.

Samtidig har Facebook-sida Aktuelt Sunnhordland delt saka vår. Her står kommentarfeltet framleis ope med nær 200 kommentarar, og det er her dømene øvst i saka er henta frå.

For det første er det mildt sagt flaut å vera vitne til alt vaksne folk kan lira av seg i kommentarfeltet. Morten, Harald og Geir tenkjer heilt sikkert ikkje over det sjølv, men dei har bidratt til å gjera eit positivt initiativ om til ein byrde for ein gjeng ungdommar som prøvar å finna sin plass i livet.

Det er heilt uakseptabelt.

Men det som kanksje er endå meir oppsiktsvekkjande i denne saka, er korleis redaktøren i Radio Haugaland, Egil Marthin Solberg, stiller seg til kommentarane då Sunnhordland konfronterer han med dette.

– Det høyrest ut som nokon som prøver å vera løgne. Facebook og andre sosiale media byggjer på å vera morosam på andre sin kostnad, seier Solberg til avisa, og seier vidare at han synest kommentaren «tenn på driten» er innanfor.

Med dette viser Solberg at han manglar ein grunnleggande forståelse av redaktøransvaret han sit med.

Han manglar også ei grunnleggande forståing om korleis stigmatiserande ytringar kan virka inn på dei som blir utsett for dei. Det kjem kanskje ikkje som nokon overrasking. Solberg skapte nemleg nasjonale overskrifter i fjor, då han uttalte det nedsetjande ordet ‘neger’ på lufta, og nekta å ta sjølvkritikk for det i etterkant.

Det er heilt tydeleg at Stord SU provoserar mange med denne aksjonen. Stord er ein av landets mest oljeavhengige kommunar, og ein blir ikkje populær på Stord av å snakka om problema med oljeindustrien. Men det er nettopp difor aksjonen til Stord SU er så viktig.

Ungdommane i Stord SU skal ha ros for at dei faktisk er ute i samfunnet og ønskjer å skapa ei endring. I ei tid der ungdom lev eit stadig meir passivt liv framføre smarttelefonen, så bør slike aksjonar oppmuntrast. Uansett om ein er flammande ueinig med bodskapen eller ikkje.

Her er det mange som treng å gå i seg sjølv.