Foto: Google maps
- Annonse -

Ein bilist klaga på boten han fekk for ikkje å ha følgt skiltet om påbod om å køyre til høgre i Tveita-krysset. Då oppdaga politiet at bøtelegginga er ugyldig.

Det var i januar 2018 at Statens Vegvesen etter dialog med Stord kommune kom fram til å innføre forbod mot å svinge til venstre i rush-tida i Tveita-krysset.

– Om dette vert ei permanent ordning, er for tidleg å seie. Det vil verta evaluert når me ser effekten og konsekvensane av det me gjer no, sa Dag Foseid i Vegvesenet til Stord24.

Slik er skiltet i Tveita-krysset.

Vart aldri permanent

Men problemet er berre at det aldri er blitt bestemt å gjere dette til ei permanent ordning. Det fann politiet ut etter at ein bilist nyleg fekk medhald i etter å ha klaga på boten.

Politiet har hatt hyppige kontrollar i krysset det siste året. Dag Vidar Nordhus i Stord lensmannskontor vedgår at dei har bøtelagt mange utan heimel.

– Politiet har med jamne mellomrom halde kontrollar på den aktuelle staden for å sikra at trafikantane overheldt det me gjekk utifrå var eit gjeldande påbodsskilt. Der tok me feil, seier seksjonsleiar ved førebygging og patrulje på Stord lensmannskontor, Dag Vidar Nordhus i ei pressemelding.

- Annonse -

– Med bakgrunn i dialogen etatane har hatt, tok politiet for gitt at skiltvedtaket vart gjort permanent, ikkje minst med tanke på at skiltet ikkje blei fjerna.

Alle bøter etter mars 2018 ugyldige

Glippen betyr at politiet må tilbakebetale eit ukjent tal bøter.

– Det viser seg at det ikkje er oppretta eit permanent vedtak, slik politiet gjekk ut frå. Vegvesenet har forklart at det er ei svikt i deira system. Me vil no gå gjennom dei forenkla førelegga me har skrive ut etter at det midlertidige skiltet ikkje lenger var gjeldande.

Det midlertidige vedtaket har ikkje vore gjeldande sidan mars 2018. Alle som er blitt bøtelagt etter dette kan vente seg ein telefon frå politiet.

– Dersom politiet har skrive ut urettmessige førelegg, må me ta ansvar og annullere desse. Dei som har fått bot på feil grunnlag vil bli varsla, seier Nordhus.

- Annonse -