Ein gut var meldt sakna.
Det var klokka 16.52 torsdag at politiet fekk melding om ein kanovelt på Kyrkjevatnet påTysnes.
Ein gut var meldt sakna etter velten.
Redningsaksjonen vart umiddelbart sett i gong.
– Det vart gjort funn av ein gut i vatnet klokka 17.51. Guten er under behandling av helsevesenet og er brakt til Haukeland universitetssykehus med luftambulanse, melder Vest politidistrikt.
Ifølgje NRK var redningsdykkarar frå Bergen med på aksjonen.
Kyrkjevatnet ligg like sør for kommunesenteret Uggdal.