Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein 6 år gammal gut er køyrd til sjukehus etter ei trafikkulukke på nasjonaldagen.

Oppdatering: Politiet opplyser at guten ikkje vart alvorleg skada. 

6-åringen skal ha blitt påkøyrd i Vikabrekko på Leirvik. Politiet fekk melding om ulukka klokka 11.37 fredag føremiddag, som soleis skjedde like etter at barnetoget til Leirvik skule hadde passert.

6-åringen er køyrd til sjukehus, men skadeomfanget til guten er førebels ukjend.

Det skal vere noko trafikkproblem på ulukkesstaden, opplyser politiet i 12-tida.

– Eg veit ikkje noko meir enn at ein 6-åring er påkøyrd og sendt til sjukehus. Me fekk melding frå AMK, opplyser operasjonsleiar Knut Løklingholm i Sørvest politidistrikt.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det skal ikkje vere noko mistanke om promillekøyring.

Stord brann og redning opplyser på Twitter at dei også rykte ut for å bistå ambulansepersonellet på staden.

Saka vert oppdatert.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -