Han blei i ettermiddag erklært død på Haukeland Universitetssjukehus.
Livet sto ikkje til å redda for 17-åringen, som vart utsett for ein alvorleg fallulukke ved Nysæter ungdomsskule søndag kveld.
Det opplyser politiet måndag ettemiddag.
– Dei pårørande ønskjer ro og ber om forståing for at namnet på avdøde ikkje blir frigjeve i dag, opplyser politiet.
17-åringen som omkom var elev ved Stord vidaregåande skule.