Gunnar Ingebrigtsen godt nøgd med livet då han blei portrettert på Norge Rundt. Foto: NRK
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Frelsesarmesoldat Gunnar Ingebrigtsen frå Stord blei portrettert på riksdekkande fjernsyn i 2. juledag.

Den trufaste frelsesarmésoldaten frå Stord har fått mykje merksemd det siste året. Han fekk eldsjelprisen frå Sparebank1 SR-Bank i sommar for si 35-årige innsats for Frelsesarmeen.

Så blei 62-åringen portrettert i ei bok gitt ut av Håkon C. Hartvedt i haust. I boka fortel Ingebrigtsen om ei vanskeleg barndom og ungdomstid, prega av mobbing og kjensla av å vere annleis.

Også ei spesiell historie fekk mykje merksemd i boka: då han som ungdomsskuleelev var nær å hamne i ei bussulukke, grunna det som i følgje han sjølv var inngripen frå Gud.

I samband med bokutgivinga vart Ingebrigtsen portrettert både i Stord24 og i Sunnhordland. Men også NRK har fatta interesse for humørspreiaren frå Sagvåg.

- Annonse -

Han vart nemleg portettert i julespesial-utgåva av Norge Rundt, som vart sendt på NRK 2. juledag. Her fortel han også om ungdomstida og ulukka i 1973.

- Annonse -
- Annonse -

Innslaget kan du sjå her.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -