Gunnar fekk tidlegare i år eldsjelprisen av Sparebank 1 på Stord. F.v.: Banksjef Hans Ola Røksund, Gunnar Ingebrigtsen og Knut Øyvind Markhus. Foto: Håkon C. Hartvedt
- Annonse -

Det var ein smilande Gunnar Ingebrigtsen som vart heidra under utdelinga til Sparebank1 i går.

Sparebank1 Sr-bank fekk i går æra av å dele ut årets eldsjelpris, parallelt med den årlege utdelinga på 260.000 kroner til frivillige lag og organisasjonar. Prisen gjekk til ingen ringare enn Gunnar Ingebrigtsen, etter 35 år som frelsessoldat i Frelsesarmeen.

– Nokre av oss hugsar faktisk Gunnar frå ungdomsskulen, då han stod og song for oss, og underhaldt oss i skulehagen. Sidan den gong har me følgt han i alle år, uttalte prisutdelar Knut Øivind Markhus.

Har funne si nisje

– Eg har aldri sett Ingebrigtsen sur. Han har alltid det same smilet og det same pågangsmotet, anten han har samla inn pengar til julegryta, eller stått og seld Krigsropet på Heiane og Leirvik. Han har liksom funne si nisje og investert heile livet sitt i dette.

Ingebrigtsen har for mange blitt ein kjenning på Stord gjennom sitt engasjerte arbeid for Frelsesarmeen – eit arbeid som ifølgje han sjølv starta med kaffidrikking i kjellaren på Turnhallen i 1983.

Midlar til nytte

– Eg har slitt ut mange grøne uniformar og offiserar, men eg held standen enno. Eg elskar altså å halde på med dette her og kjem ikkje til å gje meg, sa Ingebrigtsen i tala si på torsdag.

- Annonse -

I samband med prisutdelinga fekk Frelsesarmeen utdelt ei pengegåve på 25.000 kroner.

– Det er mange kjekke oppgåver her i livet, og mange ikkje så kjekke. Dette er ei av dei kjekkaste oppgåvene eg har. Å vere med på å bidra, og dele ut midlar i samfunnet kor ein veit desse tinga kjem til nytte, påpeika Knut Øivind Markhus.

Kultur og idrett

Sparebank 1 Sr-bank deler ut pengar to gongar i året til lag og organisasjonar med allmennyttige formål. I vår var det kultur og idrett som stod på prioriteringslista.

Pengane er henta frå avkastninga som banken gir tilbake på aksjane, etter at dei gjekk over til å bli eit aksjeselskap i 2012.

Anne Sissel Hovland, Johanne Geitung Håvik, Ola Dahl Andersen, Gerhard Andersen, Sindre Hauan, Brynjar Stautland, Andreas Sirevaag, Knut Øyvind Markhus, Anne Margrethe Røkenes, Atle Irgens, Gunnar Ingebrigtsen. Foto: Håkion C. Hartvedt

Følgjande sju organisasjonar fekk tildelt pengestøtte i går:

  • Stiftelsen Kirkens Bymisjon Rogaland, kr.50.000,-
  • Stord Teaterlag, kr.45.000,-
  • Bømlo barne- og ungdomsteater, kr.40.000,-
  • Finnås Sportsklubb, kr.35.000,-
  • Venelaget for Veteranskipet M/S Sunnhordland, kr.25.000,-
  • BUA/Stord kommune, kr.20.000,-
  • Stord Bordtennisklubb, kr.20.000,-

 

- Annonse -