Pernilla Epland vann gullmedaljen på 1500 meter under NM i Haugesund. Her frå tidlegare siger under Midtfjelletdagen. Arkivfoto: Kjetil Rydland/Ftjarposten
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Pernilla Eugenie Epland frå Stord vann gull og Tom Erling Kårbø klarte sølvmedaljen på 3000 meter under innandørs friidretts-NM i Haugesund i helga.

Seks løparar frå Stord IL var representert under innandørs-NM i friidrett i Haugesund i helga.

Dei store løpstalentane Pernilla Eugenie Epland og Tom Erling Kårbø har all grunn til å vere nøgd med innsatsen.

Epland sprang søndag inn til 1. plass på 1500 meter på tida 9.34,20. Ho kom inn berre to sekund før sølvmedaljevinnaren Tessa Frenay frå Halden, som hadde leiinga under store deler av løpet. Epland susa forbi til siger under oppløpet, skriv Halden Arbeidarblad.

Stord-løpar Tom Erling Kårbø klarte sølvmedaljen i herreklassen på den same distansen.

- Annonse -

– Nesten som å springe på heimebane, sa Tom Erling Kårbø til Bømlo-Nytt.

- Annonse -
- Annonse -

Kårbø kom i mål på tida 8.12,26. Han vart slått med eit drygt sekund av Per Svela frå Bjerkreim.

- Annonse -