Her vil grunneigarane i Morkjo ha vindmøller. Prestavarden til venstre, Morkavatnet og delar av Morkjo, sett frå Tidno i Rydlandsskogen. Foto: Kjetil Rydland
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Førre veke hadde Midtfjellet vindpark eit møte saman med grunneigarar i skogområda Rydlandsskogen og Morkjo ved kommunegrensa vest på Stord.

Debatten om vindkraftutbygging på Stord har blussa kraftig opp denne veka, etter at det vart kjent at Midtfjellet Vindpark har sendt søknad til NVE om utbygging av opptil 40 nye vindmøller i Grønafjellet i Fitjar kommune.

Men dette er ikkje det einaste området som har vore oppe til drøfting.

Tok intiativ til møte

Stord24 kan avsløre at grunneigarar i skogområda i Morkjo og Rydlandsskogen, der mesteparten av arealet ligg sør for kommunegrensa, hadde eit møte med Midtfjellet Vindpark i førre veke. Føremålet er å sjå på moglegheiter for vindkraftutbyggng i området.

Kristen Rydland, som representerer grunneigarane på Rydland-sida, opplyser at det ikkje er dei som har teke intiativ til møtet.

– Det er fleire grunneigarar involvert her. Slik eg oppfattar det er grunneigarane i Morkjo som har teke initiativ, og så er me blitt informert om kva som er på gang.

Det aktuelle området ligg like ved kommunegrensa mellom Stord og Fitjar. Foto: Google Maps

Skal ha møte med naboane torsdag

- Annonse -
- Annonse -

Han understreker at planane førebels berre er på idéstadiet.

– Dette er berre på idéstadiet, og me har ikkje høyrt noko om dette før nyleg. Me skal ha eit internt møte her på Rydland på torsdag i samband med denne saka. Då skal me diskutere saka internt med naboane her. Eg vil ikkje seie noko om korleis me stiller oss til vindkraftutbygging før det.

- Annonse -

Ein av grunneigarane i Morkjo, som ikkje ønskjer namnet sitt på trykk, stadfestar at det er dei som har teke intiativ til dialogen om vindkraftutbygging.

– Ryktet er nok sant. Dette er eit område som ligg oppover skogen, i god avstand frå hovudvegen. Det er klart at dette er ein ressurs som me som grunneigarar må få lov til å utnytte.

– Kan vere gode vindforhold

Dagleg leiar i Midtfjellet Vindpark, Erik Mortensen, fortel at det er for tidleg til å seie om det vil vere aktuelt for dei å gå vidare med planane dersom alle grunneigarane gir grønt lys.

– Det er grunneigarane i Morkjo som har sendt oss ei førespurnad, og me har hatt eit møte. Førebels er det ingenting å informere om.

– Er dette eit eigna område for vindkraftutbygging?

– Eg veit ikkje enno. Det ser ut til at det kan vere gode vindforhold der, men det er veldig mange andre ting me må sjå på for å sjå om dette kan vere eit aktuelt område for utbygging av vindkraft. Me er ikkje der no.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -