Mykje urørt skog vil bli hogd ned på Stord dei neste åra i samband med bygging av ny kraftledning.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

NVE gir Haugaland Kraft løyve til å byggje ein ny kraftleidning på 18 kilometer frå Tysnes til Stord transformatorstasjon på Litlabø.

Den blå linja markerer traséen for den nye kraftledninga som Haugaland Kraft skal bygge. Den svarte linja (t.v.) er eksisterande høgspentmast.

Bakgrunnen er at dei to eksisterande leidningane mellom Tysnes og Stord er gamle og nærmar seg si tekniske levetid, og NVE meiner det er naudsynt å gjere tiltak for å sikre straumforsyninga.

Tiltaket inneber bygging av om lag 18 kilometer ny luftleidning. 12,2 kilometer av denne vil gå over Stord.

Dei eksisterande leidningane skal rivast etter at den nye leidninga er bygd.

Det er fleire privatpersonar
som har protestert mot kraftledninga. Dei er mellom anna opptekne av omsynet til naturmangfald og dyreliv, spesielt hjorten i området.

Mykje protestar

Fleire av dei som har sendt innspelt til NVE til dei omsøkte traseeane er opptekne av at ledningen fører til inngrep i produktiv skog.

- Annonse -

– Det er svært, svært mange mål som vert bandlagt på ei slik trasé. No skal dei bygge ei line som skal stå i minst 100 år. Då er det ganske gale at ein absolutt skal bygge i produktiv skog, seier grunneigar Bjørn Furre til Stord24 i desember 2017.

Fylkesmannen har meldt tilbake at det er manglande utgreiing av kva konsekvensar den nye ledningen vil ha for naturmangfaldet.

På bakgrunn av protestane gav NVE tilbakemelding til Haugaland Kraft om å greie ut eit nytt alternativ, å legge traseen parallelt med eksisterande høgspentledning heilt fram til Litlabø. Dette alternativet er vurdert til å bli 5-6 millionar kroner dyrare for Haugaland Kraft.

– Ikkje verdt utgiftene

Dette meiner NVE at det ikkje er verdt.

– Sjølv om det kan vere positivt å samle inngrepa, meiner NVE at nytten ved dette alternativet ikkje er så mykje høgare enn alternativ C3 at det forsvarar ekstrakostnaden.

NVE gir samstundes Haugaland Kraft Nett ekspropriasjonsløyve for å krevje naudsynt grunn og rett for bygging og drift av dei nye tilknytingsleidningane.

Kraftselskapet får løyve til å ekspropriere grunn for ei 29 meter brei trasé. Det må hoggast ned skog i om lag 2,5 kilometer av traseen.

Haugaland Kraft får også løyve til å ta seg inn i privat terreng for uttransportering av tømmer som blir hugga i traseen og naudsynt transport for riving av eksisterande leidningar.

Anlegget skal vere ferdigstilt seinast tre år etter at NVE har gitt konsesjonen.

- Annonse -