Linda Grundtvig i Framstegspartiet.. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Sjølv om dette medfører forseinkingar ser me dette som ein betre løysing for dagens elevar ved Nysæter ungdomsskule.

Tysdag handsama komité for oppvekst og utdanning saka om den store kostnadsauken for Nyæter ungdomsskule. Som tidlegare skrive har den forventa kostnaden gått frå om lag 200 millionar kroner, til 328 millionar kroner.

Som resultat har rådmannen kome med ei rekkje forslag for å få kostnaden ned, som er meint å bli drøfta i brukargruppa for skulen.

Vil heller ha totalentreprise

Under tysdagens møte la Frp-politikar Linda Grundtvig fram eit radikalt forslag om å starte heilt på nytt i prosessen.

Grundtvig vil at kommunestyret skal be «…rådmann kansellere avtalen med arkitektfirma som vann konkurransen. Sjølv om dette medfører forseinkingar ser me dette som ein betre
løysing for dagens elevar ved Nysæter ungdomsskule.»

Partiet ønskjer at ein då heller skal gå for ein løysing med totalentreprise. Dette er ei løysing der entreprenøren som bygg skulen tek på seg risikoen ved uventa forhold i prosessen.

- Annonse -
- Annonse -

I følgje forslaget til Frp oppmoda dei til at «Rådmann får i oppdrag å utarbeida romprogram for innhenta nytt anbod, der totalentreprise på løysing, kvalitet og pris er kriterier.»

- Annonse -

Ville ha midlertidige lokale frå påske

Sidan denne løysinga vil medføre betydelege forsinkingar for ferdigstilling av skulen, ønskjer partiet umiddelbart å gå i gang med bygging av midlertidig skule.

– Me ber rådmann snarast gå til innkjøp/leige av mellombelse skulelokale for
Nysæter ungdomsskule. Kommunestyret ser for seg for at denne skal stå klar for
innflytting til etter påske.

Forslaget frå Framstegspartiet fekk ingen andre røyster enn frå dei sjølv. Det store fleirtalet vedtok å ta rådmannen si sak til vitande, der dei presiserte at endringar i prosjektet vert lagt fram for arbeidsgruppa, der brukarar av skulen og idretten er representert.

Saka går no vidare til kommunestyremøte i februar.

- Annonse -