Asbjørn Halsebakke i The Switch og Magnar Aaland i Stord Teknologi Invest AS kan begge juble for tildelingar frå Forskingsrådet. Foto:: The Switch/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Terskelen for å vere eit av Forskingsrådet sine prosjekt er svært høg. Difor er dette veldig stas, seier Geir Angeltveit.

Teknologibedrifta The Switch i Grunnavågen og Stord-selskapet «Stord Teknologi Invest AS» står bak to av 12 forskingsprosjekt i Hordaland som får tilsegn om løyvingar frå Forskingsrådet.

– Me støttar forsking som set bedriftene i stand til å utvikle berekraftige og konkurransedyktige løysingar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).

Tildelinga er eit spleiselag mellom fleire departement, og no er det altså klart kor mykje pengar som totalt blir tildelt bedriftene. Det er forskingsrådet som sørgjer for at prosjekta held høg kvalitet, og Nybø seier berre dei beste prosjekta får pengar.

– Me har kome gjennom eit trangt nålauge

Det eine selskapet som får støtte er altså Stord Teknologi Invest AS, industrimannen Magnar Aaland er eineaksjonær og dagleg leiar. Prosjektet som Stord Teknologi Invest har fått løyva pengar til har namnet «Kvalifisering av lågutsleppsteknologi for skipsmotorar».

– Me har no fått ei tildeling frå forskingsrådet for eit spennande utviklingsprosjekt, der det er etablert eit teknologiselskap som skal dra dette herifrå i samarbeid med mellom anna SINTEF Ocean i Trondheim, seier Magnar Aaland.

- Annonse -
- Annonse -

Aaland er tilbakehalden med konkrete opplysningar for kva dette selskapet skal drive med.

– Målet er å ta fram ei løysing som me har ambisjonar om å kommersialisere. Dette går på dette med miljøteknologi for å redusere karbonavtrykket i skipsfarten.

Han fortel at dei no er i ein avklarande fase med Forskingsrådet og samarbeidspartnarane, og ønskjer difor å kome tilbake til fleire opplysningar seinare i prosessen.

Lars Solberg er styreleiar i det nytrta teknologiselskapet Future Energy Solutions. Foto: Atheno

– Betydelege midlar

Teknologiselskapet som Aaland har etablert og skal utvikle prosjektet heiter Future Energy Solutions, og har tidlegare Apply Leirvik-direktør Lars Solberg som styreleiar. Dei er fire eigarar som saman har etablert selskapet.

Aaland, som inntil i fjor var administrerande direktør i Advantec og som no er deleigar i Sunnhordland Naturgass AS, er svært nøgd med forskingsmidlane.

– Me har kome gjennom eit nålauge i lag med nokså mange søkjarar. Så var me ein av dei som kom gjennom, med ein betydeleg tildeling.

– Kva vil betydeleg seie?

– For oss som ein nystarta bedrift er det betydeleg. Men for større selskap treng det ikkje vere betydeleg. Det er veldig positivt og motiverande at me då blir vurdert i tøff konkurranse med mange miljø i Norge. For oss var det viktig no at me fekk den stadfestinga på konseptet som me har.

– Dette er eit sunnhordlandsprosjekt

Aaland vil understreke at prosjektet er bygd på lokal ekspertise frå Sunnhordland.

- Annonse -

– Det er eit sunnhordlandsprosjekt. Det trur eg er viktig å seie. Det kan bli ei spennande sak for regionen. Selskapet har adresse på Stord, og vil bli utvikla herfrå. Så vil me sjå kva utvikling ein får.

Industrimannen er tilbakehalden med opplysningar om kor mange arbeidsplassar satsinga kan medføre, men er klar på at det vil skape ringverknader i regionen.

– Det vil bety ein del. Det er ein vidareføring av det at me får ein meir grønare retning på ting som skjer her. Me har fleire spennande ting på gang, mellom anna biogassanlegget. Så vil me jo få ein betydeleg miljøreduksjon som ein konsekvens av dette prosjektet om me så lukkast.

Dagleg leiar i NCE CleanTech på Heiane, Hege Økland, var ein av åtte personar som sat i fagkomiteen under tildelinga av midlane som Stord Teknologi Invest fekk.

The Switch held til i Grunnavågen i Sagvåg, der dei deler lokala med Wärtsilä. Foto: The Swich

Forskingsmidlar også til Sagvåg-bedrift

Det finske selsapet The Switch i Grunnavågen får midlar til eit prosjekt som har ein noko kryptisk tittel for utanforståande: «Intelligent Medium Voltage Modular Multi-level Converter for Environment Energy».

Selskapet jobbar mellom anna med å redusere drivstoff-forbruket til skip.

Dagleg leiar i The Switch, Asbjørn Halsebakke, er naturleg nok godt nøgd med tildelinga.

– Dette er spennande for The Switch og spennande for Stord.

– Veldig stas

Geir Angeltveit i Venstre. Foto: Hordaland fylkeskommune

Venstre-politikar Geir Angeltveit, som deler parti med forskingsministeren, skal torsdag morgon møte Asbjørn Halsebakke i The Switch for å få ein orientering om prosjektet.

– Terskelen for å vere eit av Forskingsrådet sine prosjekt er svært høg. Difor er dette veldig stas, seier Angeltveit i ein kommentar.

– Skal me klare å vri samfunnet over i det grøne skiftet så er me heilt nødd til å støtte forsking saman med næringslivet. Det skulle berre mangle. Stord er verdsmeistrarar på omstilling i mange sektorar, noko som blir vist veldig tydeleg gjennom kva verksemdene her får til.

Teknologibedrifta The Switch i Grunnavågen har verkeleg blitt lagt merke til den siste tida. I fjor sommar vann bedrifta ein gjev internasjonal pris for beste nyskapande utviklingsarbeid under den internasjonal bransjemessa Electric & Hybrid Marine World Expo i Amsterdam.

– Med tanke på at me under oppstarten i november 2016 var 17 mann og i dag berre er 24, er det fantastisk at me kan måle oss og gå forbi store internasjonale konkurrentar med hundrevis av tilsette. Det skjer stor verdiskaping og høgteknologisk utvikling her på Stord, sa Asbjørn Halsebakke då.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -