Onsdag gjorde politiet undersøkingar i samband med innbrotet i videokiosken på Fitjar. Foto: tipsar
- Annonse -

Kassaapparatet er forsøkt brote opp.

– Me fekk melding rett før klokka 10 frå ein tilsett på staden. Det vart då opplyst at det hadde vore innbrot i løpet av natta, opplyser operasjonsleiar Jøran Solheim i Sørvest politidistrikt.

Det er opplyst at gjerningspersonen eller gjerningspersonane har knust ei rute for å bryte seg inn i kiosken.

– Dei har så langt ikkje oversikt over kva som er blitt stelt, seier operasjonsleiaren.

Politiet er akkurat kome til staden då Stord24 slo på tråden, så politiet kan så langt ikke seie så mykje om hendinga.

- Annonse -

– No skal politiet gjennomføre ei åstadsundersøking for å forsøke å finne spor etter gjerningspersoen eller -personane.

- Annonse -
- Annonse -

Operasjonsleiaren poengterer understreker at når politiet kallar det eit grovt tjuveri så må det vere snakk om betydelege verdiar som er øydelagt eller bortteke.

Saka blir oppdatert.