Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Politiet fann 150 gram amfetamin og 1,6 kilo hasj heime hos ein av dei som er sikta i saka.

I ein nyleg avsagt fengslingskjennelse frå Haugaland tingrett kjem det fram at to menn i 20-åra frå Stord har vore varetektsfengsla sidan 22. januar i år.

Bakgrunnen er at dei er mistenkt for grov narkotikalovbrot, som har ei såpass høg strafferamme at det er grunnlag for varetektsfengsling.

Den eine stordabuen, som er i midten av 20-åra, blei arrestert for snart ein månad heime i bustaden hans på Stord. Her fann politiet 150 gram amfetamin og 1,6 kilo hasj. I følgje Haugesunds Avis, som først skreiv om saka, skal det i tillegg vere snakk om store mengder anabole steroid.

Erkjenner straffeansvar

I retten kjem det fram at han i ein ny politiforklaring erkjenner straffeansvar for oppbevaring av stoffet. I byrjinga erkjente han berre befatning med ein mindre del av stoffet, men no har han altså endra forklaringa.

– Retten finn det ut frå det samla opplysningsmaterialet i saka klart sannsynleggjort sikta sin befatning med stoffet ikkje berre har skjedd til eige bruk, men har samanheng med at han har medverka til omsetnad av narkotika, skriv Haugaland tingrett.

- Annonse -
- Annonse -

Politiet har dermed sikta mannen både for omsetnad av hasj og amfetamin.

Etterforskinga pågår

Retten er uroa at dersom den sikta skulle bli lausleten frå varetekt, så vil han kunna overtale eventuelle vitne til ikkje å seie noko til politiet om saka.

- Annonse -

– Politiet føretek avhøyr av aktuelle personar i narkotikamiljøet for å kartlegge omsetnaden. Retten finn det klart at sikta, dersom han vert lausleten, vil kunne påverke dei medskuldige i saka ved å ta kontakt med dei og samordne forklaringar, og på denne måten skade oppklaringa av saka, skriv Haugaland tingrett.

Noko av etterforskinga politiet har gjort er å gå gjennom mobiltelefonane til dei sikta, for å kartlegge andre deler av omsetnadsledda i saka.

Fryktar at han mister jobben

Ein av dei sikta har uttrykt uro over at varetektsfengslinga gjer at han mister jobben sin, og som eit resultat av det mister moglegheita til å ta fagbrev. Men retten meiner lovbrotet er såpass alvorleg at dette ikkje er eit godt nok argument til å unngå fengsling.

Retten gir medhald i å halde mannen varetektsfengsla i inntil fire nye veker med brev- og besøksforbod, fram til 19. mars i år.

Politiet opplyser i retten at dei tek sikte på å gjere seg ferdig med etterforskinga i løpet av den komande firevekersperioden, men at stoffanalysen som vert gjort av Kripos kan ta noko lenger tid.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -