Illustrasjonsfoto.
- Annonse -

Ingen personar vart skada i brannen.

Like før klokka 17 på laurdag fekk naudetatane melding om at det hadde byrja å brenne i ein bustad i Sagvåg.

Brannvesenet fekk raskt kontroll på brannen, melder Sørvest politidistrikt.

– Brannen skal ha starta på ein terrasse i 2. etasje, mogleg i samband med ein gassgrill, melder politiet.

Bebuaren forsøkte å slokke brannen med hageslange før brannvesenet kom til staden.

Ingen personar kom til skade.

- Annonse -