Stortingsrepresentant Petter Eide (SV) grilla justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) om asylaksjonar på Stord. Foto: Stortinget
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stortingspolitikar Petter Eide (SV) ville ha svar får justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) på kva han tykkjer om maktbruken i politiaksjonane mot asylsøkjarar på Fijar og Stord.

– Dette blir ein interessant debatt med justisministeren og meg. Litt synd at ikkje fleire er interessert i saka.

Slik innleia stortingsrepresentant Petter Eide (SV) seansen under spørretimen på Stortinget tysdag, då det forutan han og justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) var nesten heilt tomt i salen.

Maktbruk mot flyktningfamiliar

Eide har reagert sterkt på to politiaksjonar mot flyktningfamiliar på Stord og Fitjar det siste året, og ville ha svar frå justisministeren.

– Desse sakene handlar om maktbruk mot asylsøkjarfamiliar. Det er vår oppgåve som storting at me skal forhindre ein utvikling der politiet nyttar maktmiddel som ikkje er naudsynte, sa Eide i Stortinget sin talarstol.

Den eine av politaksjonane skjedde fredag 2. februar i fjor, då politiet henta ut ein afghanske familien med tre barn blei henta ut av kyrkjelyden Nytt Liv sine lokale i Fitjar. Saka fekk nasjonal merksemd, og episoden er klaga inn til spesialeiningar for politisaker for å vurdere maktbruken til politiet.

Blei vekka av væpna politi

- Annonse -
- Annonse -

Petter Eide fortalte i detalj om korleis politiaksjonen gjekk føre seg. Han har fått dei detaljerte opplysningane om kva som skjedde frå eit augevitne, som var til stades i rommet under aksjonen.

– Då familien sov knuste ei politigruppe eit vindauge og braut to vindauge opp med eit brekkjern. Familien har fortalt at dei våkna opp tidleg på morgonen av støy, kamprop, 10-12 væpna politifolk, som plutseleg storma inn på soverommet.

– Rommet var mørkt, og politiet hadde hovudlampar, og dei hadde også synlege våpen til hoftene. Dei trampa opp i dobbeltsenga, der også to av dei eldste barna låg og sov, sa Eide.

Han fortel vidare at foreldra i familien blei sett på handjarn, faren også fotjarn, og blei frakta ut i ein politibil, medan barna vart etterletne inne på soverommet.

– Burde vist større varsemd

Eide viser til at barnefamilieekspertar har slått fast at borna har teke skade av aksjonen på Fitjar. Stortingsrepresentanten ville at justisministeren skulle setje seg inn i korleis det hadde vore å hamne i ein slik situasjon.

– Alle her kan berre førestille seg korleis det er å ligge under dyna saman med barna sine, ein natt då ein er på sitt mest sårbare, klokka fem om morgonen. Det er mykje trøst og varme i ein slik situasjon. Plutseleg blir du vekka av masse bråk, og så står det plutseleg væpna politifolk oppe i senga.

Han meiner politiet burde ha skjønt, frå tidlegare møte med denne familien, at dei ikkje utgjorde noko fare, og at dei heller burde opptredt med varsemd gruppa famiiefaren sin psykiske tilstand.

- Annonse -
Det var nesten ingen til stades uder seansen i stortinget. Foto: Frank Håvik

– Politiet har brote instruksen

Den andre saka han viser til er ein aksjon på Heiane mottak i september i fjor, då eit stort tal politifolk møtte opp for å transportere ut ein familie. Stord kommune reagerte sterkt på måten denne akjonen blei gjennomført på, og sendte eit brev til poliitets utlendingseining og utlendingsnemda

«Me meiner omfanget viser mangel på planlegging. Inntrykket som er formidla til oss er at politiet nærmast «okkuperer» bustadblokka på mottaket», skreiv Stord kommune.

På bakgrunn av desse sakene meiner SV-representanten at politiet har brukt unødvendig harde verkemiddel i desse aksjonane.

– Poltiet har brote instruksane. Det har blitt skote kanon mot spurv, for å seie det slik.

Eide sa vidare at han er uroa over om det oppstår ein sub-kultur i politiet der makbruk som ved desse aksjonane blir akseptert.

Reagerte på svartmaling

Justisminister Tor Mikkel Wara reagerte i svaret sitt på svartmalinga av politiet sin handlingsmåte i slike politiaksjonar, og avviste at det er noko subkultur i poltiiet.

– I innlegget til Eide ligg det mange indirekte skuldningar til poltifolk. Det finst det ikkje noko grunnlag for. Politikorpset vårt gjer ein viktig jobb og ein riktig jobb. Det er ingen grunn til å spekulere i noko subkulturer. Då må ein vere meir konkret for å dokumentere det.

– Ein familie som gjennom grundig sakshandsaming har fått avslag på søknaden sin, er pliktige til å forlate landet. Det er politiet som skal gjere dei politifaglege vurderingane i ein kvar aksjon, der dei i forkant er pliktige til å gjere eit grundig forarbeid, sa Wara.

Viste til teieplikta

Justisministeren ville likevel ikkje gå i detalj om kva han tykkjer om måten dei to politiaksjonane vart gjennomført, og viste til teieplikta.

– Me har ikkje oversikt over kva som har skjedd. Saka skal gå gjennom spesialeniniga. Teieplitkta er ikkje eit skjold me brukar frå å avstå frå å kommentere saka.

Wara fortalte at politiet i fjor haust fekk ein eigen rettleiar for uttransportering av barn, der målet er å redusere stress for borna under aksjonar då barn er med.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -