Venterommet ved gamle bussterminalen i Leirvik er lagt ut for sal for 800.000 kroner. Foto: Eiendomsmegler 1
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Lokala til venterommet og kebabkiosken i Leirvik sentrum er til sals, men kjøparen vil ikkje få ei krone av leigeinntektene frå kiosken. – Det er særs sjeldan at ein kjem borti noko sånt, seier meklar Ove Sagenes.

Stord kommune har la i førre veke ut terminalbygget ved den tidlegare bussterminalen i Leirvik sentrum for sal.

Eigedomen omfattar også største deler av kebabkiosken Sandras Grill. Men den nye kjøparen får ingenting av leigeinntektene frå denne kiosken. Bakgrunnen er ein klausul frå då bygget blei bygd på 90-talet, som seier at Indremisjonssamskipnaden skal ha alle leigeinntektene frå kiosken.

Sandras Grill har altså ikkje betalt ei krone til Stord kommune, i alle åra kommunen har vore eigar av lokala.

– Deler av kiosken ligg på kommunen sitt areal, men Indremisjonsamskipnaden har ein eksklusiv tilgang til bruken og leigeinntektene av lokala, fortel meklar Ove Sagenes i Eiendomsmegler1 på Stord.

– Ganske spesielt

Det betyr at heller ikkje potensielle kjøparar av lokala vil få noko i leigeinntekter, sjølv om dei vil eige lokala.

- Annonse -
- Annonse -

– Dei vil eige kiosken i tillegg til venterommen, men ein vil ikkje få leigeinntektene. Dette her er ganske spesielt. Det er særs sjeldan at ein kjem borti noko sånt, seier Sagenes.

- Annonse -

Grunnen til at Stord kommune har halde på eigedommen såpass lenge, trass i at venterommet har vore stengt i mange år, er diskusjonen om offentlege toalett. Toaletta knytt til venterommet har nemleg vore blant få offentlege toalett i Leirvik sentrum.

– Dette er jo ein spesiell sak, men kommunestyret har gjort vedtak på å leggja eigedomen ut for sal. Det forstår eg veldig godt, for det er jo ikkje noko me nyttar oss av i dag, seier Sigurd Huglen i Stord kommune.

I sakspapira til Stord kommune er det opplyst at vedlikehaldskostnadane, inkludert straum og kommunale avgifter, er stipulert til 160.000 årleg. Samtidig skriv takstmann Bjørn Nesbø at framtidig eigar av bygget kan forvente leigeinntekter på venterommet (utanom kebabkiosken) på 120.000 kroner.

Vil kjøpe hotellet

Men ein kjapp telefon til eigdedomsivestor Frode Hølleland, som kjøpte Grand Hotell i fjor, avklarte saka. Han seier allereie no at han kjem til å kjøpe lokalet. Grand Hotell har nemleg forkjøpsrett på lokala.

– Ja, dette kjem me til å kjøpe. Sjølvsagt. Me ser på vidare utvikling no. Me er ikkje kome heilt i mål, men me jobbar med planane.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -