Høgskulen på Vestlandet, campus Stord. Foto: HVL
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Studentsamskipnaden på Vestlandet har trua på at dei fleste vil få tilbod om bustad i Stord og i Haugesund. No oppfordrar dei fleire studentar til å søke.

– Me har dei siste åra hatt rimeleg godt samsvar mellom tilbod og etterspurnad av studentbustader, både i Stord og i Haugesund, og det ser ut som om dei fleste av førsteårsstudentane som har søkt vil få tilbod om ein stad å bu hos oss i år også.

Dette seier regiondirektør, Heidi Aarøe Moe, for Studentsamskipnaden på Vestlandet.

Talet på søknader hittil har endra seg lite frå talet i fjor. Først om eit par veker vil studentsamskipnaden ha full oversikt over kor mange av søkarane til bustad som har fått tilbod, og har takka ja, til studieplass.

Moe melder om at det framleis ikkje er for seint til å søke.

– Ikkje alle som har søkt studentbustad vil få tilbod om studieplass. Då opnar det seg moglegheiter for andre som enno ikkje har søkt. Det vil skje mange endringar etter hovudopptaket i neste veke, så me oppfordrar derfor studentar som ikkje har søkt om å gjere det, seier ho.

- Annonse -

Svar på hovudopptaket vil bli lagt ut på Samordna opptak den 20. juli. Fram til no er det registrert 7810 søknader med Høgskulen på Vestlandet som førsteprioritet.

Du kan søke om studentbustad her.

- Annonse -