KANONKJEKT MED KANO: Trass i ein noko overskya dag, stod folk klare til å prøve ut kanoane då Friluftsfestivalen gjekk av stabelen på Litlabø i dag. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg
- Annonse -

Trass i manglande sol og forbod mot grilling, var det likevel mange folk som møtte opp til den årlege festivalen på Litlabø.

-Eg trur det er mange som kjem berre for å prate. I år har me dessutan fått inn mykje pengar til arrangementet, så alt er gratis, seier Else Berit Helle.

Ho er ein av initiativtakarane bak festivalen, som i år blei arrangert for fjerde år på rad. Tidlegare år har opplegget tiltrekt seg fleire hundre deltakarar. I dag var ikkje eit unntak.

Røde Kors Hjelpekorps og Barnas Røde Kors var blant organisasjonane som møtte opp til årets friluftsfestival. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg

Stor matglede

Over 400 stordabuar møtte til Friluftsfestivalen på grøntanlegget. Arrangørane fekk avslag på forespurnaden om grilling utandørs i forkant av arrangementet, og måtte dermed finne på andre løysingar.

Dette satte likevel ikkje ein dempar for oppmøte.

- Annonse -
- Annonse -

Helle er usikker på kor mange pølser som vart seld, men kan informere om at heile 120 liter betasuppe gjekk med i løpet av dagen.

I tillegg trur ho at alle dei kjekke aktivitetane har mykje å seie for ungane sin del.

- Annonse -

-Ungane stod i kø

-Kano er eit veldig populært tilbod. Kajakk må ein gjerne vere litt modigare for å bli med på, men eg såg at det var fleire som ville prøve seg på dette også. I tillegg står jo ungane alltid i kø for å ri på hest, sa Else Berit Helle.

Festivalen er sponsa av Hordaland fylkeskommune og Sparebank1-stiftinga i Kvinnherad. Den starta som ein del av LivOGLyst-prosjektet for fire år sidan, og i dag er det Bydelsbloggen som står som ansvarleg arrangør.

Hest og vogn har vore eit populært tilbod på festivalen i alle år. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg

Blant aktivitetane som ungane kan velje mellom er hest og vogn, riding, speidaraktivitetar, luftgevær, førstehjelp, geocaching og padling, for å nemne nokre.

Ein festival for alle generasjonar

Ordførar Gaute Straume Epland stod for opninga av festivalen, og uttrykte stor begeistring for opplegget som er stelt i stand.

-Friluftsliv er viktig for oss. Det å kome seg ut og vere aktiv i naturen, aukar livskvaliteten og betrar folkehelsa. Sånn sett er me heldige her på Stord som har så flotte friluftsområder i nærleiken. Eitt av dei er grøntanlegget her på Litlabø, sa han.

-Det er ikkje mange stader som legg til rette for så mange ulike aktivitetar. Festivalen har gjort mange oppmerksame på akkurat dette området. Det er ein festival for alle generasjonar, der friluftsliv står i sentrum.

Ordføraren meiner friluftsliv er viktig for å betre folkehelsa. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg
Foto: Kari Mendelejev von Svanberg

- Annonse -