Foto: Pixabay
- Annonse -

Kommentar: Det spesielle året 2020 går mot slutten, og me vil takka alle våre lesarar, tipsarar, intervjuobjekt og samarbeidspartnarar for året som har gått.

Av: Jonas Sætre, redaktør i Stord24

Det er slutten av romjula, og det underlege året 2020 tikkar mot slutten. Det er ei tid for å tre litt ut av tida for ein augneblink, og sjå seg tilbake.

2020 kjem til å bli eit år me alle kjem til å hugsa så lenge me lever. Sjølv om koronaåret har påverka folk i varierande grad, er det ingen som har blitt heilt upåverka av det som har skjedd. Me har alle vore i same båt.

Me har alle latt oss prega av historiane om dei mange som koronaen enten direkte eller indirekte har påverka. Folk som har mista arbeidet sitt, folk som ikkje får tatt farvel med sine nærmaste som ligg for døden, folk som ikkje har fått delteke i gravferd til den dei elskar.

Men det er også inspirerande å sjå at det også har kome noko positivt ut av dette året. Trass i at me ikkje kan ha så mykje fysisk kontakt med kvarandre, så er det paradoksalt slik at me også kjem tettare på kvarandre.

- Annonse -

Folk har vist meir omtanke for kvarandre, og smilet sit kanskje lausare til den du passerer i gata eller på ute på tur. Det er blitt stor merksemd rundt det å handla lokalt, og det å støtta opp om lokalsamfunnet ein bur i.

Med den krisestemninga som var i mars og april, med ei arbeidsløyse utan sidestykke etter krigen, er det nesten ikkje til å tru at me har klart oss så bra. Det har vore færre konkursar på Stord enn vanleg, og alle industriarbeidsplassane som var i fare før sommaren er blitt redda. Det er mykje aktivitet i Stord-samfunnet, og ikkje mangel på folk som tør å satsa i dei uskikre tidene.

Men ein skal også vera forsiktig med å skjønmala situasjonen. Det er mange verksemder som har hatt det svært tøft i året som har gått, og ekspertar ber oss vera førebudd på at konkursbølgja kan koma på nyåret.

For oss i Stord24 har 2020 vore eit svært travelt år. Me har hatt rekordhøge lesartal og ein veksande interesse rundt journalistikken vår. Nyheitsbehovet til folk blir naturleg nok større i krisetider. Me kjenner oss takksame for alle som har bidratt med tips og gode historiar til avisa, og ikkje minst til alle abonnentane våre.

Den auka interessa me opplever fører også til at me kjenner på større krav frå lesarane. Dette har me svart på ved å bli bruka fleire ressursar på å skapa best mogleg innhald for lesarane våre. Me er blitt fleire, og me har satsa mykje på journalistikken vår i 2020. Me har også forsøkt oss på lokal TV-produksjon. Først med eit direktesendt 17. mai-show, då det meste var avlyst. Og på slutten av året har me køyrt i gong helgeprogrammet vårt God helg, som me skal halda fram med til neste år.

For å kunna ha ressursar til å satsa vidare, vil me frå 1. februar auka abonnementsprisen med 29 kroner månaden. Me har heile tida hatt eit ønskje om at Stord24 skal vera ein rimeleg avis å abonnera på, og 149 kroner i månaden er framleis ein låg pris å betala for lokaljournalistikk.

Til gjengjeld lovar me at me in 2021 vil gjera alt me kan for å laga endå meir god og relevant lokaljournalistikk, og lovar deg god valuta for pengane. Me har mange spennande planar på lur for året som kjem, som me trur abonnentane våre kjem til å setja stor pris på.

Det er eit stort privilegium å få høve til å koma så tett på alt som skjer i lokalsamfunnet. Det er verkeleg inspirerande å kunna formidla historiar frå alle dei som brenn for noko i Stord-samfunnet.

Me ser fram til eit nytt og innhaldsrikt nyheitsår.

Med ønskje om eit godt 2021 til alle våre lesarar!