Amfi Stord og Heiane Storsetner hadde begge god omsetnad i fjor. Foto: Olav Thon Gruppen/Citycon
- Annonse -

Medan mange uroar seg over mørke skyar for detaljhandelen i Norge, opplever både Amfi Stord og Heiane Storsenter positive resultat for fjoråret.

Mange kjøpesenter i Norge slit med fallande omsetnad grunna netthandel og nye handelsmønstre. Til dømes opplevde Amanda Storsenter i Haugesund omsetnadsfall på 3,7 prosent i dei tre første kvartala i fjor.

Men for kjøpesentra på Stord ser det slett ikkje mørkt ut.

Heiane Storsenter fekk i fjor ei omsetnad på 486,7 millionar kroner, noko som er ny rekord, og ei oppgang på seks millionar kroner for året før. Som del av omsetnaden er også Skeiar, Elkjøp og Jysk.

Senterleiar Hans Martin Haavik. Foto: Amfi Stord

Trur på svært gode tal til i år

Også senterleiar Hans Martin Haavik i Amfi Stord er nøgd med fjoråret. Omsetnaden her enda på 401 millionar kroner. Det er ei nedgang på ni millionar frå 2017, men ei forventa nedgang då kjøpesenteret stod utan daglegvarebutikk fram til mai månad.

– I denne perioden tapte me éin million kroner i veka. Men frå mai og ut året har me faktisk hatt ei vekst på 3,5 prosent i høve til året før. Dette er me veldig godt nøgde med, og noko som betyr at me kjem til å ha usedvanleg gode tal til våren.

- Annonse -

– Me visste at året samla kom til å bli vanskeleg i og med at daglegvare har ein så betydeleg omsetnad i forhold til kva som er på senteret. Då blir det veldig vanskeleg å kompensere for det når ein står utan daglegvarebutikk.

Står i mot netthandelen

Haavik fortel at dei førebels merkar lite trendane der fleire vel netthandel framføre tradisjonell butikkhandel.

– Sjølv om det for tida er mykje fokus på netthandel så viser tala at me har stått i mot netthandelen veldig bra. På Stord har me endå ikkje opplevd at kjøpesentra til saman har gått i minus i omsetnad. Det er vekst i år etter år, og dette året kjem til å bli veldig bra for oss.

Etter at meldinga kom før jul om at Christiania Glasmagasin skulle legge ned butikken på Amfi-senteret, vil det bli to ledige butikklokale på senteret.

– Me held no på med å jobbe med nye leigetakarar. Ein del av lokala som står igjen etter Meny blir sannsynlegvis delt i to med plass til to butikkar. Så jobbar me også med ny leigetakar til Christiania Glasmagasin. Me prøvar å finne noko me ikkje har frå før. Så er det jo sånn at me har det meste på øya no.

Han avviser at nedlegginga av Christiania Glasmagasin er eit teikn på at det går dårleg på senteret.

– Kjeda har lagt ned mange butikkar over heile Norge. Me har vore heldige som beholdt dei så lenge, for det er meir enn tre år sidan dei forsvant frå Haugesund.

Thon Gruppen skriv at omsetnadsmålet for Amfi Stord i 2019 er 421 millionar kroner.

– Veldig positiv utvikling

Heiane Storsenter fekk nye eigarar i fjor, då det bergensbaserte eigedomsselskapet Drotningsvik Eiendom AS bestemte seg for å investere.

Det har ikkje medeigar Henrik A. Lund angra på.

– Det er veldig positiv utvikling på Heiane-senteret. Me har hatt den høgaste omsetnaden nokon gong. Det er ekstra positivt når det elles er litt rufsete resultat på retail elles i Norge og rundt om i verda.

Heiane Storsenter har eit mål om å nå 490 millionar kroner i omsetnad for 2019, og å passere ein halv milliard i 2020.

Ser ikkje vekk i frå senterutviding

Som Stord24 skreiv fredag, er Heiane Bil snart på flyttefot, etter at eigedomsselskapet kjøpte også dette lokalet i fjor.

Lund legg ikkje skjul på at dei vurderer utviding av senteret der bilforretninga er i dag.

– Me har kjøpt eigedomen fordi den høyrer saman med Heiane Storsenter og er regulert til det same som senteret. Me er litt tidleg i prosessen her, så eg har ikkje noko konkret å fortelje. Men me jobbar med forskjellige alternativ, der utviding av senteret er eit av dei.

Han viser til at Heiane Storsenter er fullt utleigd, og har difor ikkje høve til å få inn fleire butikkar i dag.

– Utgangspunktet vårt er at me er så og seie fullt utleigd. Me får berre følgje med i tida og henge med når verda går framover.

- Annonse -