Selevik skule. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Dersom elevane som no går i 6. klasse ved Øvrebygda og Selevik blir flytta til Rimbareid allereie frå hausten av er dette eit alvorleg inngrep i deira private sfære.

Av: Svenn Skumsnes og Anja M. Austlid,
leiar og nestleiar i FAU Øvrebygda skule

Hausten og vinteren i fjor vart for mange fitjarbuar sterkt prega av det som ikkje kan skildrast som noko anna enn ein kamp for å redde Øvrebygda og Selevik skule.

Begge skulane var nedleggingstrua i forbindelse med at kommunen skulle vedta ny skulebruksplan, og då 2018 gjekk mot slutten såg det svært mørkt ut for framtida til grendeskulane i Fitjar.

Gleda var difor stor då det like før jul vart avgjort at kommunen ville halde fram med skuledrift både i Øvrebygda og i Dåfjorden.

Men gleda skulle vise seg å bli kortvarig. I eit budsjettmøte i desember vart det avgjort at 7. klassane ved begge skulane skulle flyttast til Rimbareid allereie frå hausten 2019.

- Annonse -
- Annonse -

Ei slik løysing vart ikkje nemnt i utkastet til ny skulebruksplan for 2019 – 2023 som vart lagt ut på høyring hausten 2018. Med andre ord har verken elevar, foreldre, tilsette ved skulane eller resten av innbyggjarane i Fitjar hatt høve til å uttale seg om løysinga før ho vart vedteken. Det at det vert vedteke endringar i den kommunale skulestrukturen uten at endringa som skal gjennomførast vert lagt ut på høyring er etter vårt syn svært kritikkverdig.

Dersom elevane som no går i 6. klasse ved Øvrebygda og Selevik blir flytta til Rimbareid allereie frå hausten av er dette eit alvorleg inngrep i deira private sfære. Dette er noko Fitjar kommune som utøvar av offentleg myndighet skal ha stor respekt for. Spesielt i eit høve som dette, der vedtaket som vart fatta er avgjerande for framtida til elevar ned i 10 års alder. Det er vanskeleg å sjå korleis flytting av 7. klassane kan vera utgreidd på ein forsvarleg måte, då ei slik løysing ikkje er nemnt i høyringskutastet til ny skulebruksplan i det heile.

Vidare er det også slik at sjølv om det er fatta vedtak om at 7. klassingane frå Øvrebygda og Dåfjorden skal flyttast frå og med hausten 2019 er det per dags dato ingen som veit korleis overføringa skal gjennomførast.

Elevane, som på kort varsel har måtta bu seg på å bytte skule, har framleis ikkje fått sikker informasjon om korleis klasseinndelinga på den nye skulen blir til hausten. I verste høve blir dei delt inn i nye klassar skuleåret 2019/2020, for så å bli delt på nytt året etter då dei skal byrje på ungdomsskulen.

- Annonse -

Å bli delt inn i nye klassar to år på rad kan bli svært krevande for elevane. Det å opparbeide seg tryggleik og gode relasjonar til lærarar og medelevar tek tid. Å måtte bytte skule på forholdsvis kort varsel kan for mange vere ei stor påkjenning. Ein kan heller ikkje sjå vekk i frå at mangelen på informasjon om klasseinndeling legg stein til byrden for elevane.

FAU  Øvrebygda er svært uroa for korleis denne situasjonen vil påvirke elevane sitt avsluttande år i barneskulen og ikkje minst kva konsekvensane vil bli for overgangen vidare til ungdomstrinnet. Me er også svært uroa for kva konsekvensar det vil ha for grendeskulane om dei mister dei eldste elevane.

Dei eldste elevane vert sett på som ein stor ressurs både for skulen som heilskap og for dei yngre elevane både ved Øvrebygda og Selevik. Flytting av elevar vil også medføre endringar i personalgruppa ved Øvrebygda skule, noko som fører til uro og usikkerhet både for elevar og tilsette.

Då debatten om grendeskulane i Fitjar sto på som verst i fjor vart det nokre sentrale moment som vart påpeika gjentekne gonger. Eit av desse momenta var kommunen si plikt til å ta omsyn til kva som er det beste for borna i alle avgjerder som kan bety noko for born. Dette står nedfelt i barnekonvensjonen artikkel 3. Barnekonvensjonen er inkorporert i menneskerettslova og har status som norsk lov.

Nok ein gong saknar me fokus på kva som er til det beste for elevane. Lovverket er krystallklart på dette området – slike vurderingar skal ta utgangspunkt i kva som er til det beste for borna, ikkje i kva borna kan tåle av påkjenningar.

I saka om flytting av 7. Klassane ved Øvrebygda og Selevik skule viser administrasjonen og det politiske fleirtalet i Fitjar kommune nok ein gong at det er politisk prestisje og kroner og øre som rår, trass i at kommunen etter norsk lov er forplikta til å ta omsyn til kva som er det beste for elevane.

Ei sak som vil vera avgjerande for framtida til elevar i barneskulealder skal handsamast grundig og korrekt. Eit vedtak om flytting av barneskuleelevar høyrer ikkje heime i eit budsjettmøte.

Innlegget er korta ned av redaksjonen.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -