Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Politiet gjer søk i Vigdavatnet i Sveio, etter funn at ein rom kano.

Kanoen vart funne om lag 400 meter frå land opplyser Sørvest politidistrikt på Twitter.

Naudetatane blei varsla kl 21.58 måndag kveld, og politiet, brannvesenet og ambulanse er rykka ut til vatnet, som ligg ved Sveio sentrum.

– Den grøne kanoen er no sjekka av brannvesenet. Den er tom. Omstenda blir sjekka ytterlegare, opplyser politiet.

Klokka 23.30 melder politiet at dei har konkludert med at det er lite truleg at det var nokon som har vore i kanoen. Dei har etter samtale med Hovudredningssentralen bestemt å ikkje iverksetje søk.

- Annonse -