Ferje Toghatten Nord
Foto: Harald Johan Sandvik
- Annonse -

Eit fleirtal i Hordaland fylkesutval tilrår å gjeninnføre betaling for passasjerar på ferjer i Autopass-systemet.

Retting: I ein tidlegare versjon av denne saka skrev me at vedtaket også gjaldt sambandet Sandvikvåg – Halhjem. Dette er ikkje tlfelle, då dette er eit statleg samband. Stord24 beklagar.

Men no har fylkesutvalet i Hordaland bestemt at det skal bli slutt på denne ordninga. Politikarane i utvalt vedtok på sist møte å gjeninnføre betaling for passasjerar på ferjer i Autopass-systemet i Hordaland.

Går for app-betaling

I fylkestinget i mars ba Silja Ekeland Bjørkly (H) om ei utgreiing for ulike alternativ for passasjerbetaling. Fylkesrådmannen har lagt fram tre alternativ: Betaling i app, betaling på automat og betaling hos mannskapet. Alle tre alternativ har ulemper og økonomiske og praktiske konsekvensar.

Eit fleirtal av medlemmene i Fylkesutvalet vedtok at betalinga skal skje gjennom mobilappar.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Eventuell passasjerbetaling skal hovudsakleg skje gjennom Skyss-app, Vipps, eller liknande, heiter det i vedtakaet.

– Svært tidkrevjande med kontrollar

Men korleis ein skal handheve at passasjerar faktisk kjøper billett, er ikkje teke stilling til. Fylkesrådmannen peikar på at dette kan bli problematisk.

– Ei løysing med sjølvbetening av billettering lik den ein nyttar på buss og bybane, krev ei viss grad av kontroll. Billettkontroll kan utførast på fleire måtar, tilfeldige kontrollar utført av vektarar vil vere svært tidkrevjande og lite effektivt, skriv fylkesrådmannen.

– Ei løysing kan vere å la mannskapet utføre denne oppgåva, men det vil utløyse krav om kompensasjon frå operatørselskapa sidan dette ikkje er berekna tid til i kontraktane.

- Annonse -