Holger Iversen (Kværner), Nina Østensjø (Atheno) og Svein Ove Eikenes (Høgskulen på Vestlandet) håpar mange ungar blir med på årets Forskarfabrikk, Foto: Atheno
- Annonse -

I sommar vert det ei ny runde av «Forskarfabrikken», der elevar frå barneskulen får leike seg med læring og eksperiment.

– Me har fått veldig mange positive attendemeldingar frå tidlegare år. Så difor ynskjer me å tilby Forskarfabrikk i år også, fortel prosjektleiar Nina Østensjø i Atheno i ei pressemelding.

Sommarskulen 2017 er eit samarbeid mellom Atheno, Kværner og Høgskulen på Vestlandet, medan det er Forskarfabrikken som står for det faglege og sjølve gjennomføringa.

5. året på rad

Tilbodet er retta til 5. til 7.-klasseelevar, og vil gå føre seg over fem dagar i veke 32 i sommar.

– Det er 5. året me tilbyr Forskarfabrikken sin sommarskule her på Stord. Dette er eit spennande alternativ til fotball- eller handballskule og veldig lærerikt for dei ungane som deltek, slår Østensjø fast.

- Annonse -

Kværner ser på tilbodet som ein moglegheit til å få opp interessa for realfag blant elevane.

– Me i Kværner er oppteken av å stimulere til at lokal ungdom blir nysgjerrig på realfag. På denne måten sikrar me eit potensielt rekrutteringsgrunnlag for framtida, seier Holger Iversen i Kværner.

Alternativ til fotball

Informasjonssjef Svein Ove Eikenes for HVL på Stord og i Haugesund ynskjer også at Forskarfabrikken skal inspirera.

– Me har vore med sidan starten og har stor glede av å vera med på laget. Me treng fleire forskarspirar i regionen vår, og då er dette og dei andre kursa gode tilbod, seier Eikenes.

Kurset fylgjer skulen sin læreplan for 5. – 7. trinn i naturfag.

- Annonse -