Skiparvik Eigedom AS har renovert leilegheiter i gamle Sagvåg Senter, men har hatt lite suksess med salet. Foto: Eiendomsmeglar 1
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Leilegheiter for meir enn 14 millionar kroner inngår i konkursbuet til Skiparvik Eigedom AS.

Selskapet melde oppbod for Sunnhordland tingrett i førre veke, etter at den samla gjelda til selskapet overgår verdien av leilegheitane dei eig.

I følgje skuldnaren er den samla gjelda 14.657.273 kroner. Samtidig anslår styret at verdien til selskapet, som i hovudsak består av leilegheiter, ligg på 14.380.000 kroner.

Leilegheitane som selskapet eig ligg i eit tidlegare forretningsbygg i Sagvåg, tidlegare kjent som «Sagvåg senter».

Skiparvik Eigedom AS har dei siste åra investert mykje for å utvikle leiglegheiter i bygget. Men få er blitt selt, etter at dei gjekk ut på marknaden i 2017. I følgje prospektet hos Eiendomsmegler 1 er berre to av dei sju nye leilegheitane blitt selt, trass i sterkt reduserte prisar.

Nær halvparten av selskapet er eigd av Egil Risnes. Den resterande eigarposten høyrer til Risnes Eigedom AS, som er eigd av fire andre frå Risnes-familien.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det er ingen tilsette i selskapet som vert råka av konkursen.

Styreleiar Egil Risnes opplyser overfor Stord24 at han skal i møte med bustyrar i morgon. Han ønskjer ikkje gi ytterlegare kommentar, og viser til bustyraren.

- Annonse -