Forfattarene Harald Johan Sandvik (t.v.) og Håkon C. Hartvedt har samarbeida om boka.
- Annonse -

Redaktøren i Fitjarposten har latt seg engasjere i historia om trelastfirmaet Isak Koløen AS – eitt av dei største i sitt slag på heile vestlandet.

Korleis var det mogleg å starte opp eit suksessfult trelastfirma på grisgrendte Koløyo, over ein mil unna Fitjar sentrum?

I dag er det kanskje ikkje så mange som hugsar det som var eitt av dei største arbeidsplassane på Fitjar, og det største trelastfirmaet i Hordaland, før firmaet vart nedlagt for 25 år sidan.

Viktig lokalhistorie

Det er nettopp difor forfattar og Fitjarposten-redaktør Håkon C. Hartvedt saman med Harald Johan Sandvik har skrive bok om firmaet.

– Dette er ein viktig del av Fitjar si historie som lett kan gå i gløymeboka. Det ville vera svært trist når me veit at dette trelastfirmaet var mellom dei største i sin bransje i Hordaland pluss Sogn og Fjordane på 1980-talet, og nokre tiår tidlegare var det mellom dei aller største arbeidsplassane i Fitjar, seier Hartvedt.

- Annonse -

Firmaet vart starta i 1931 og hadde på det meste opp til i 50 tilsette.

Biletet syner då skipet Hardangeren kom med last frå Bergen i 1917.

Så sterkt var dette firmaet i fitjarsamfunnet at dåverande ordførar, Peder Nilsen Aga, karakteriserte firmaet sin grunnleggjar Isak Koløen som «bygda sin største son» i samband med gravferda hans.

Isak døydde nemleg brått, midt på gata i Bergen, i 1962. Heldigvis hadde han fire søner som kunne ta over drifta. Alle desse er framleis i live, og har vore gode kjelder for Hartvedt under skrivinga av boka.

Isak Koløen sine søner som jobba vidare i firmaet. F.v. Klement, Tor, Kjell og Svein Foto: Håkon C. Hartvedt

– Kvar for seg var dei med på å føra firmaet vidare då dei brått måtte ta over drifta i svært ung alder. Samtalar med dei og 11 tidlegare tilsette, har gjeve førstehands kjennskap til det aller meste av firmaet si historie.

Forfattarane har og fått tilgjenge til eit svært bra biletmateriale og ei rekkje historier, både dramatiske og humoristiske, frå kvardagen i firmaet – fortalt av både leiing og arbeidarar som høyrde eller såg det som skjedde.

Boka vert lansert på varehuset Odd Larsen i Fitjar førstkomande laurdag.