Foto: Skohandlar Hillestad
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Selskapet som driv den tradisjonstunge butikken Skohandlar Hillestad i Borggata vart i førre veke meldt oppløyst.

Selskapet Skotreff, som har det juridiske namnet Småtroll AS, blei meldt oppløyst 4. januar. Selskapet har vore i drift i 40 år, heilt sidan 1979, og dagens butikk i Borggata vart i følgje selskapet starta i 1989.

Dagleg leiar Einar Hillestad ønskjer ikkje å stadfeste om oppløysinga betyr at det blir endeleg kroken for døra for skobutikken.

– Du får sjå i løpet av veka. Eg vil ikkje svare på noko meir no.

Hillestad fyller 65 år i år.

– Du har nådd pensjonsalder, er det det som er bakgrunnen for at selskapet blir oppløyst?

- Annonse -
- Annonse -

– Ja.

- Annonse -

På nyttårsaftan publiserte skohandlaren eit innlegg på Facebook, der ein av dei tilsette meldte at ho hadde sin siste arbeidsdag i skobutikken.

Rekneskapstala viser at innteninga til selskapet har minska dei siste åra. Frå ei omsetnad på 4 millionar i 2015 fall innteninga til 3,5 millionar i 2016 og 3,36 millionar i 2017. Dei to siste åra har selskapet gått med tap.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -