Klubbleiar Richard Storevik i Leirvik AS. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Etter seks år som klubbleiar ved Leirvik AS flyttar Richard Storevik til Bergen på jakt etter nye utfordringar.

– Eg har gått lenge og sagt at me må ikkje sitje og ruge. Så då føler eg at seks år som klubbleiar var ein fin tid å gi stafettpinnen vidare. Eg kunne gjerne brukt 30 år som klubbleiar, men det ligg latent i meg å søkje nye utfordringar, seier Storevik.

Bergensaren som har gjort stordabu av seg har markert seg som ein svært profilert og frittalande fagforeiningsmann dei siste åra.

I fjor vart han intervjua av riksmedia i samband med at han melde seg ut av Arbeidarpartiet grunna partiet sitt vedtak om å ikkje konsekvensutgreie oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja. Det førte til at Ap-topp Espen Barth Eide besøkte han på Leirvik. Storevik melde seg seinare inn igjen i partiet.

– Forlet ikkje eit synkande skip

I tilleegg har han vore ein tydeleg motstandar av permitteringsregelverket, som har skapt vanskar for spesielt Leirvik AS, som i lengre tid har hatt smått med arbeid. No overlet han altså stafettpinnen vidare til Håvard Hansen, som blir ny klubbleiar ved Leirvik. Storevik avviser at det er ordretørken som ligg bak avgjerda om å søkje andre utfordringar.

– Eg sa også dette i avslutningstalen min. Det har vore veldig svart, og me har vore prega av det, men no synest eg at ein kan lette litt på skuldrene. Det ser betre ut no enn det har gjort på ein stund. Om eg gjekk av i fjor haust ville signalet vore litt annleis. Då ville folk ha tenkt at eg forlet eit synkande skip. Men det er langt frå tilfelle no, seier Storevik.

- Annonse -
- Annonse -

Han fortel at han er styrka i trua på at Leirvik AS kjem til å ha mange gode år framføre seg.

– Dei har skifta til eit større strategisk fokus til den nye marknaden, innan alt frå vind, bru, infrastruktur og oppdreett. Viss dette løysnar, og til dømes at Leirvik får byggje bru over Langenuen i aluminium, så har Leirvik ei kjempelys framtid sett frå min ståstad.

- Annonse -
Klubbleiar i Leirvik, Richard Storevik inviterte stortingsreprentant Espen Barth Ede (Ap) til Stord i fjor. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Har trua på aluminium i framtida

Det som gjer at Storevik er styrka i trua på framtida er at han opplever at det er ein auka etterspurnad etter å bygge i aluminium i forskjellige marknader.

– Aluminium kan jo brukast til så mangt. Det handlar berre om å få eit fotfeste i nye marknader. Folk har lenge hatt eit ambivalent forhold til det å bygge i aluminium. Men me som har jobba med verdas største aluminiumskonstruksjonar veit at dette er vel så herda som rustfritt stål.

Storevik fortel at det har så smått begynt å kome inn jobbar til dei som er att på verftsområdet.

– Me har fått ein del hjelp frå både Aibel og Kværner. No hjelper me Aibel med Johan Sverdrup fase 2. Så er me ein liten arbeidsgjeng igjen hos oss for å ta unna desse småprosjekta. Eg veit at det har tikka inn eitt eller to nye småprosjekt no.

– Eg har verkeleg trua på at dette her går vegen, og at det vil vere eit verft i Aslaksvikjo i 100 år til.

Storevik vil ha siste arbeidsdag på Leirvik AS ved utgangen av januar.