- Annonse -

Regjeringa må bite i eplet og innsjå at lovnadene om ferjefri E39 innan 20 år ikkje vil bli haldne. Hordfast vil ikkje bli ferdig før etter 2029.

– Det er kjempeutfordrande med dei kostnadane, seier statssekretær Tom-Christer Nilsen til Bergens Tidende under Høgre sitt landsmøte denne helga.

Statssekretæren, som før var fylkesordførar i Hordaland og ein av dei ivrigste pådrivarane for å få gjennomført ferjefri E39 til planlagt tid, vedgår til avisa at han no møter seg sjølv i dørane.

Statssekretær Tom-Christer Nilsen (H), Foto: Olav Heggø

– Eg gjer så godt eg kan. Eg legg alle kreftane inn.

Eit av prosjekta som har auka mest er som kjend Hordfast, som på få år har auka i pris frå 26 til 43 milliardar kroner.

– Den ligg jo ikkje fullfinansiert i den neste tolvårsperioden av NTP. Om ein ikkje klarar å få ned kostnadane, så betyr det at den først vil stå ferdig etter 2029. Det skal også gjerast andre fjordkryssingar som er endå meir krevjande enn Hordfast, seier Nilsen.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Hordfast kom som kjend med på Nasjonal Transportplan, med oppstart i løpet av den første perioden på seks år. Det betyr at startskotet for arbeidet vil seinast skje i 2024. Haka er at finansieringa vil skje ved hjelp av bompengar, då statlege midlar ikkje kjem på bordet før i andre perioden av NTP.

Det vert jobba frå fleire hald for å få redusere kostnadane på Hordfast. Mellom anna har Høgre-politikar Øyvind Halleraker foreslått å la vere å byggje firefeltsveg på enkelte strekningar på Stord, samt å finne billegare måtar å byggje brua over Bjørnefjorden på. Vegvesenet ser også på korleis prisen kan reduserast.

Stortinget har vedteke at heile ferjefri E39 mellom Trondheim og Stavanger skal stå ferdig i 2035. Med dagens tempo vil det ifølgje BT bety at berre tre av sju fjordkryssingar vil nå fristen. Utanom Hordfast så gjelder det Rogfast mellom Stavanger og Haugesund, samt Møreaksen som vil kutte kraftig ned på reisetida mellom Ålesund og Molde.

 

- Annonse -