Arbeidet starta rett etter påske og vil halde fram til hausten 2019. foto: sjøentrepenøren
- Annonse -

Sjøentreprenøren AS er i gang med gigantjobben med å mudre og sprenge 220.000 kubikkmeter fjell og lause masser.

Selskapet, som er eit dotterselskap av NCC, er spesialistar på undervassarbeid. Dei har blitt valt av hovudkontraktør Birkenes & Co for å utføre arbeidet i sjøbotnen i hamna ved Kværner.

Mudring- og sprengingsjobben er den største i selskapets historie sidan dei starta opp i 1999.

– Størst med god margin

– Me er svært glad for at Birkenes & Co har valt Sjøentreprenøren som underleverandør. Prosjektet er med god margin det største i selskapets historie, seier daglig leiar Terje Pettersen i Sjøentreprenøren i ei melding.

Totalt skal 35.000 kvadratmeter utdjupast for å gjere sjøområdet utafor verftet djupare. Det tilsvarar fem fotballbanar.

Arbeidet omfattar mellom anna 10.000 kubikkmeter miljømudring av massar som innheld miljøgifter, 90.000 kubikkmeter med mudring av reine lausmassar, samt boring og sprenging av 120.000 kubikkmeter fjell.

- Annonse -

Lokale tilsette

Pettersen opplyser at fleire av selskapet sine tilsette kjem frå Sunnhordland.

– Sjøentreprenøren utførar alt av anleggsrelatert undervassarbeid og har sitt arbeidsområde i heile Norge. Fleire av våre tilsette er frå Sunnhordland og det er alltid fint å kunne utføre arbeid på «heimebane», seier Pettersen.

Sjøentreprenøren vil ha flere fartøy i drift i løpet av prosjektet, i første omgang fartøyene Caesar og Mjø 2.

Arbeidet starta opp rett etter påske og vil hade fram heilt til hausten 2019.

Fartøyet Caesar i full gang med utdjupingsarbeida ved Kværner.
- Annonse -