Torbjørn Brosvik er ordførarkandidat for Stord KrF. Foto: privat
- Annonse -

DEBATT: I desse dagar står nesten 60 000 born klare til å byrje i skulen, fulle av utforskartrong, nysgjerrigheit og nokon har gjerne lopper i blodet. Er skulen klar til å ta imot dei?

Av: Torbjørn Brosvik
Ordførarkandidat, Stord KrF

Mange foreldre er bekymra for korleis overgangen frå barnehage til skule blir, frå en kvardag med fri leik og høg aktivitet, til skulekvardagen med færre vaksne og lite aktivitet. Og det med god grunn.

Då seksåringane byrja på skulen etter Reform 97 skulle ein velgje det beste frå barnehage og skule. Læring skulle skje gjennom leik, og det første året skulle ivareta dei yngste borna si leikne verd med suget etter å lære nye ting. Arbeidsforma skulle vere prega av barnehagepedagogikk. Men ting endra seg. Barnehagepedagogikken er erstatta av formell opplæring i lesing, skriving og rekning, som følge av Kunnskapsløftet og stadig meir omfattande kvalitetsstyringssystem.

Dagens førsteklassingar møter ein kvardag der faglege resultat blir prioritert over pedagogikk basert på leik som læring. Leiken har blitt friminuttsyssel, og borna sit meir stille i klasseromma. Vi vil lytte til lærarar og pedagogar sine bekymringar for at seksåringane møter ein skule som ikkje er tilpassa deira behov og og potensiale for læring gjennom leik.

Vi må ta det på alvor at mange born, spesielt gutar som er fødde seint på året, slit med å tilpasse seg skulekvardagen, og kjem dårlegare ut av det første skuleåret enn sine jamnaldrande.

- Annonse -

Vi skuldar seksåringane våre å ikkje oversjå utviklinga som har vore til no. Skulen skal møte seksåringen på ein god måte, og gi ein skulekvardag tilpassa nettopp seksåringen.

Resultata av å gå frå ni til ti-årig skule har dessverre uteblitt. Elevane har ikkje meir kunnskap når dei går ut av grunnskulen i dag enn før Reform 97. KrF vil derfor at 6- årsreforma skal evaluerast, for å sikre at 6-åringane får byrje i ein skule som er tilpassa spesielt 6-åringen. Lærarnorma om lærartettleik er også i tråd med dette. KrF ønsker å stå på for å gi seksåringane tilbake den skulen dei var lova.

- Annonse -