Geir Angeltvei. Foto: Hordaland fylkeskommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Den aktive Stord-politikaren har sagt ja til å toppe Venstre si liste for den neste perioden.

– Geir har vist seg som ein kunnskapsrik, ærleg og redeleg representant, han er tydeleg i debattar om utviklinga av Stord og har løfta mange viktige saker på oppvekst og skule, miljø og næringsutvikling, seier lokallagsleiar i Stord Venstre, Håkon Frode Særsten.

Nominasjonskomiteen i Stord Venstre har no kome fram til at dei ønskjer at Geir Angeltveit skal toppe partiet si liste for neste periode.

Geir Angeltveit (30) er i dag partiet sin einaste representant i kommunestyret, og har fast plass i formannskapet. I fjor haust måtte Angeltveit erkjenne nedarlag i fylkespolitikken, og vil ikkje stille til val for det nye Vestland-fylket.

Komiteen har bestått av Astrid Larsen, Odd Stuva Rommetveit og Håkon Frode Særsten, som i følgje partiet har jobba målretta med å få inn både nye og tidlegare listekandidatar som er engasjerte. Den fullstendige lista kjem utover nyåret.

– I opposisjon har Venstre med Geir i spissen vore eit tydeleg og ansvarlege sosialliberalt og grønt alternativ til det raude og det blå, og våga å prioritera dei unges framtid, det grøne og dei som treng vår felles omsorg, legg Astrid Larsen til.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Eg har jobba mykje med Geir dei siste åra, og han er ein eg har tillitt til, seier Odd Stuve Rommetveit, som i dag representerer partiet i Komité for næring, miljø og kultur.

Rommetveit opplyser at han no seg etter mange års aktivitet i lokalpolitikken.

Partiet opplyser at den endelege partilista til valet no inneheld i overkant av 20 namn, og vil røystast over på Venstre sitt årsmøte 15. januar.

 

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -