Biltema-bygget på Heiane skulle etter planen ha opna i juni.
- Annonse -

Fylkespolitikarane gav samrøystes godkjenning til etableringa av Biltema på Heiane Vest.

Utval for kultur, idrett og regional utvikling handsama i går søknaden til Biltema om å bygge eit 3700 kvadratmeter stort varehus på Heiane Vest.

Utvalet kom samrøystes fram til å godkjenne etableringa.

På førehand var både fylkesmannen og fylkesrådmannen svært kritisk til å gi grønt lys til etableringa. Det førte til protestar frå både rådmann Magnus Mjør og ordførar Gaute Epland, samt frå Samarbeidsrådet for Sunnnhordland.

– Går nok gjennom

Det er fylkesutvalet som har siste ord i saka, som skal ha møte i ettermiddag, men i følgje komitéleiar Beate Husa skal det svært mykje til at dei kjem til ein annan konklusjon.

- Annonse -
- Annonse -

– Eg blir veldig overraska dersom dei kjem fram til ein anna konklusjon, så dette går nok gjennom, seier Husa.

Grunngivinga for at komiteen gjekk i mot innstillinga til fylkesrådmannen var at dei meiner lokaliseringa på Heiane Vest ligg nært opp til lokala ved Heiane Stortsenter, og at dei ser på Heiane og Heiane Vest som eitt samanhengande næringsområde.

- Annonse -

Samla næringsområde

Slik vart grunngjevinga for vedtaket:

«Søknaden om etableringa ligg berre 300-400 meter vest for dagens etablering på «gamle Heiane», og det er naturleg å sjå på Heiane-området som eit samla næringsområde. Fylkesutvalet meiner etableringa av Biltema i Heiane Vest vil styrke Stord som regionsenter og føre til mindre handelslekkasje og trafikk ut frå kommunen/regionen.»

Utvalet oppmoder vidare Stord kommune i samarbeid med kommunane i regionen om å gjennomføre ein overordna handelsanalyse.

Utvalet kom også med ønskje om ein ny rullering av Regional plan for attraktive senter i Hordaland, som var planen fylkesrådmannen nytta som argument mot å gi løyve til Biltema-utvidinga.

- Annonse -