Sigbjørn Framnes. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

DEBATT: Stord FrP har vorte satsningskommune for FrP avdi me har gode kandidatar, godt program – og eit Arbeidarparti som lokalt køyrer kommuneøkonomien i grøfta.

Av: Sigbjørn Framnes
Ordførarkandidat, Stord FrP

Gaute Epland sitt svar på vårt lesarbrev gir oss enno større uro enn før, for det vert tydeleg at han ikkje forstår rekkevidda av eigne vedtak. Vedtaket om renovering av Rådhuset innheld ikkje løyving av ein pengesum, berre ei skildiring av kva som skal gjerast. Kostnaden er nesten 30 millionar – men dette tok ein like godt ut av vedtaksteksten. Rådmannen har altså fått blankofullmakt til å renovere – utan at kommunestyret set tak på kostnaden.

Når det gjeld truverdet i at me skal senke eigedomsskatten så får Gaute berre tru at det er umogleg. Då får ein det iallfall ikkje til. Vårt program seier at me skal redusere auken i eigedomsskatten i 2020, til det den var i 2018. Me skal ytterlegare redusere den til maks 1 promille innan 2023. Totalinnsparinga er dermed 7,5 millionar i året i fire år. At Gaute meiner det er umogleg på ei totalbudsjett på ein milliard kroner er oppsiktsvekkande.

Stord FrP har vorte satsningskommune for FrP avdi me har gode kandidatar, godt program – og eit Arbeidarparti som lokalt køyrer kommuneøkonomien i grøfta og sentralt spenner bein for oljeindustrien, Stord si viktigaste næring. Me merkar at det brenn under føtene til Stord Ap. Når det gjeld bompengar, Ap sitt forslag er å flytte bomstasjonane inn i bilen, med mindre Støre har skifta meining – igjen.

Me har i våre budsjett sjølvsagt aldri brukt pengane meir enn ein gong. Det er trist at Ap sin ordførarkandidat nyttar seg av så nedrig debatteknikk at han gjer eit poeng ut av eit utsagn som sjølvsagt er sagt som ein spøk. Det får stå for hans rekning.

- Annonse -
- Annonse -

Stord kommune sin skattesvikt er føreseiieleg og noko ein må ta høgde for. At den vedvarer er ikkje særskild overraskande, då industrilokomotiva har færre reiseoppdrag og meir arbeid heime, i tillegg til vedvarande dårlegare lønsoppgjer på grunn av stoda i oljemarknaden. I tillegg har kommunen no færre innbyggjarar. Det betyr jo at ein får færre skatteinntekter – men det blir også færre som skal ha tenester!

Svikt i overføringar frå staten – dette stemmer ikkje. I perioden 2015-2018 har veksten i frie inntekter for Stord Kommune vore 10,19 %, marginalt meir enn snittet for vår kommunegruppe (10,11%) og marginalt mindre enn landsgjennomsnittet på 11%. Andre kommunar greier seg utmerka.

- Annonse -

Auka kapitalkostnadar er ein konsekvens av at ein låner svært mykje pengar. Dermed er pengebruk på ein leikeplass utanfor Rådhuset eit døme på den fullkomne uansvarlegheit – noko me og ser i komiteleiaren sin kommunikasjon med medlemmene i gruppa ho hadde med seg.

Nysæter ungdomsskule er noko me vil prioritere. Merk at vårt primærforslag når prisauken kom ut var å stoppe prosjektet og starte på nytt med ei rein totalentreprise. Det ville truleg redusert kostnaden med titalls millionar og gitt minst det same tilbodet. Det er heller ikkje eit eksempel på at me er uansvarlege – det ville ikkje akkurat vore det mest populære vedtaket i “rundstykkebygda”. No lovar Arbeidarpartiet “opsjonar”, på same måte som dei lovte byggestart for idrettshall i 2016 – berre dei kom i posisjon. Dette får dei som ynskjer seg eit like bra tilbod i Sagvåg som andre stader vurdere truverdet i sjølv.

I 2018 hadde Stord Kommune ei eigakapital på 2,1% på investeringar. Vår kostragruppe (8) hadde over ti gangar meir (23,4%). Dette greier dei sjølvsagd fordi dei faktisk har god styring og full kontroll på økonomi og drift – noko Ap og Sp sa dei hadde i fjor. Det er berre synd at det ikkje var sant då, og det er ikkje sant no. Med mindre Epland meiner at utviklinga i driftsresultatet er bra?

Våre kuttforslag er definert i våre budsjettforslag, som Gaute kan finne i sakene om budsjett 2018 og i saka om revidert budsjett 2019. 1%-innsparinga han sjølv no har stemt for var “uansvarleg” FrP-politikk frå 2018 – men merkeleg nok Ap-politikk i 2019. Velgarne bør gå for originalen, og sjølv bedømme kven som driv eit ureieleg politisk spel. Me skjønar at me har truffe spikeren på hovudet når Epland sitt svar er såpass usakleg, der han drar inn element som ikkje har noko med kommuneøkonomi å gjere.

Eg utfordrar deg, Gaute, til debatt om kommuneøkonomi. Om du vil kan du velge eit anna emne i tillegg, så finn me ut av tid og stad. Eg tør, tør du?

Til sist – Stord FrP skjønnmalar ikkje Os. Resultata i Os talar for seg sjølv.

- Annonse -