Jakob Bjelland (Sp) og ordførar Gaute Epland (Ap) representerer to av dei fire partia som har blitt samde om neste års budsjett. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Gaute Epland vart vald til ordførar i kommunestyret torsdag. Han flyttar inn i ordførarkontoret allereie morgon.

Gaute Epland fekk 22 røyster og Jakob Bjelland fekk 13 røyster.

Torbjørn Brosvik (KrF) gjorde formalitetane, og la fram kandidaturet til Epland i starten av kommunestyremøtet.

– Det er ein rar situasjon me har kome i, der det har vore stor interesse rundt valet. Frå koalisjonen si side vil eg løfte fram Gaute Epland som ordførarkandidat, sa Brosvik.

Rosa bjelland

Sigbjørn Framnes fremja Jakob Bjelland som opposisjonen sin kandidat, og roste Bjelland for jobben han har gjort dei siste knappe to månadane. Framnes ga også utrykk for at dei ønskte skriftleg votering.

- Annonse -
- Annonse -

Jakob Bjelland ga uttrykk for takksemd for tilliten, men var tydeleg på at Senterpartiet og han sjølv ville støtte Gaute Epland og avtalen som var skriven mellom samarbeidspartia for to år sidan.

- Annonse -

– Eg trur innbyggjarane på Stord er opptekne av å ha politikarar som held avtalene. Difor vil me røyste for Gaute Epland, sa Bjelland.

Rådmann Magnus Mjør deler ut lappar for skriftleg røysting. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Nytt medlem i formannskapet

Det vart også valt nytt medlem i formannskapet etter Harry Herstad si bortgang.

Marit Tislevoll Odland blir nytt medlem i formannskapet frå Arbeidarpartiet, og Nils Tore Gram Økland vart vald som første vara.

- Annonse -