Verftsdirektør i Kværner, Steinar Røgenes, dagleg leiar i NCE Maritime CleanTEch, Hege Økland, og ordførar Gaute Epland inngår forpliktande samarbeid om å redusere klimagassutsleppa. Foto:Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord kommune har saman med Kværner og NCE Maritime CleanTech søkt om midlar til å opprette ei treårig prosjektstilling for å koordinere klimasatsingar i kommunen.

– Gjennom prosjektet ønskjer tre sentrale aktørar i kommunen setje seg i leiarposisjon for klimaarbeidet, og visa vegen for resten av lokalsamfunnet, heiter det i søknaden, som Stord kommune har sendt miljødirektoratet.

Prosjektet har bakgrunn i KS-nettverket «Kortreist Kvalitet», der Stord blei medlem i fjor saman med 12 andre kommunar og fylkeskommunar. Føremålet med nettverket er å utvikle klimatiltak i kommunane.

Betre effekt ved samarbeid

Stord kommune har i samband med søknaden inngått eit forpliktande samarbeid Kværner Stord og klynga NCE Maritime CleanTech.

– Med dette prosjektet har me i kommunen invitert inn hjørnesteinsverksemda vår, Kværner, og det fremste teknologiutviklingsmiljøet vårt, Maritime CleanTech, til eit forpliktande samarbeid om å redusera klimagassutsleppa våre. Me søkjer saman om nok midlar til å finansiera ei prosjektstilling i tre år, seier Stord-ordførar Gaute Epland (Ap).

Det vert peikt på at ved å samordne miljøsatsingar kan ein få ein mye betre effekt, slik at ein då på førehand vil vite kva som verkar.

- Annonse -
- Annonse -

– Til dømes vil det først få effekt at arbeidsgjevar legg til rette for sykling til arbeid dersom kommunen legg til rette med sykkelvegar, og ei satsing på hamneareal for å flytta meir transport til sjø vil fyrst få full effekt om industriverksemder forpliktar seg til å få sine leveransar sjøvegen.

– Omstillinga vil krevje innsats

Målet med satsinga er i følgje søknaden å styrke konkurransekraften til næringslivet på Stord, skape nye arbeidsplassar og bidra til vekst i folketalet.

- Annonse -

– Omstillinga me skal gjennom dei neste tiåra vil krevje innsats og engasjement, ikkje berre internt i den kommunale organisasjonen, men i heile lokalsamfunnet, hos kommune, næringsliv og sivilsamfunnet, seier Epland.

Partane søkjer om tre millionar i støtte til prosjektet, der dei saman skal spytte i same sum, slik at det totalt vil bli nytta seks millionar kroner.

– Vår hovudcase i nettverket er klimaleiing, det vil seie korleis me som kommune kan ta ein leiarposisjon i omstillinga til låg- og nullutsleppssamfunnet,

Epland har tru på positivt svar på søknaden.

– Søknaden er no sendt til miljødirektoratet. Kor raskt me får svar, er usikkert. Men eg har veldig tru på dette, og håper direktoratet vil innvilge søknaden.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -