Leirvik Sjø-prosjektet har vore på teiknebrettet i fleire år. No kan det bli realisert.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Me trur prosjektet kjem til å ta seg veldig flott ut, seier Øyvind Jørgensen.

I sommar skreiv Stord24 om at investorane Wilhelm Engelsen og Øyvind Jørgensen vurderte å ta over Leirvik Sjø-planane av Svein Klingsheim.

Prosjektet medfører bygging av rundt 50 nye leilegheiter i sjøkanten, og forlenging av strandpromenaden i sentrum.

Øyvind Jørgensen står bak prosjektet saman med Wilhelm Engelsen. Foto: Ing. Jørgensen

No har investorparet bestemt seg for å ta prosjektet eitt steg vidare. Stord kommune varsla denne veka oppstart av planarbeidet, som vil bli gjennomført av ABO Plan og Arkitektur.

– Set ikkje i gang for moro

Øyvind Jørgensen fortel at dei er innstilte på å gjennomføre leilegheitsprosjektet, med mindre det kjem sterke motsegn.

– Me må ha føresetnadane klare, og me må sjå kva som blir resultatet av reguleringsplanen. Me vil då plukke opp kva som er av krav og tiltak for å få dette til. Men me set ikkje i gang eit planarbeid berre for moro.

- Annonse -
- Annonse -

Planarbeid for leilegheitskomplekset har vore varsla to gonger tidlegare, i 2009 og 2015. Jørgensen trur difor ikkje dei vil støte på nokre hindringar i vegen.

– Nei, det trur me ikkje. Men ein veit jo aldri ettersom tida går. Me må vere heilt sikre på at me ikkje får nokre tilleggskrav på vegen, for det tålar ikkje prosjektet.

Strandpromenade inngår som ein del av planane.

 

- Annonse -

 

Han opplyser at det er lagt opp til å fylle ut eit større areal i sjøen enn kva som var planen tidlegare.

Som ein del av planarbeidet er også bygging av strandpromenade.

– Detaljane har me ikkje heilt klart for oss, men me skal legge ein strandpromenade heile vegen, slik at ein skal kunne gå opp til Borggata via Nesjaberget. Me trur prosjektet kjem til å ta seg veldig flott ut.

– For mange leilegheiter i dag

Øyvind Jørgensen er til vanleg er dagleg leiar i Ingeniør Jørgensen AS, som står bak Teinevikjo-prosjektet i Hamnegata. Sjølv om salet går veldig bra på i desse blokkene, er han ikkje heilt sikker på om det er marknad for endå fleire leilegheiter.

– Dette er jo noko me må vurdere. Å sjå inn i kikkerten er ikkje lett, men i dag er det nok i meste laget av nye leilegheiter i sentrum. Men tida går jo, og me har jo ikkje satt i gang.

 

- Annonse -