Stord folkeblbiotek. Foto: Stord kommune
- Annonse -

Det offentlege biblioteket på Stord har vore koronastengt i over ein månad. No skal lesarar endeleg få låne bøker att, men på ein noko anna måte.

– Etter mønster frå mange bibliotek får no også Stord folkebibliotek ei ordning med «drive in»-bibliotek, opplyser biblioteksjef Bjørnar Withbro.

Fram til biblioteket  kjem i normal drift att, kan lånarar med lånekort bestille fire media kvar over e-post.

Biblioteksjef Bjørnar Withbro. Foto: Stord kommune

– Biblioteket registrerer så utlån og lånarane får  lang lånetid. Lånte media kan hentast  ein gong i veka framfor Kulturhuset, opplyser biblioteksjefen.

Tidspunktet for henting av bøker blir torsdagar mellom klokka 13 og 15. Biblioteket vil då legge bestilte bøker og anna media i poser med namnet på den som lånar.

Biblioteket  har  ikkje høve til  til å ta imot media for innlevering før det er kome i normal drift att.

- Annonse -

For dei som var heldige å låne bøker rett før koronakrisa, kan desse lånarane gle seg over å ha ekstra god tid til å lese seg ferdig. Biblioteket vil nemleg ikkje sende ut purringar så lenge stenginga varer.

– Me gler oss til dette er over og at me kan opne opp att for våre brukarar.

- Annonse -
Forrige artikkelHege blei permittert frå Bømlo hotell. Fekk jobb på fiskemottak.
Neste artikkelØnskjer å halde fram på Stortinget: – Ei stor glede som har gitt meirsmak
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no