Slik var det nye bustadfeltet teikna inn då reguleringsplanen vart vedteken i 2013. Teikning: Plan Vest
- Annonse -

Prestegarden Eigedom ønskjer å starte opparbeiding av skogsveg og hogst i Vestlio, i det som skal bli eit heilt nytt bustadfelt.

Det er Fronta Bygg AS som har søkt kommunen om løyve til skoghogsten i det 31 mål store området som skal bli det nye bustadfeltet Vestlio i Nordbygdo. Området ligg mellom Vestlivegen og idrettsanlegget i Prestegardsskogen.

Entreprenøren ber kommunen om rask handsaming, då dei ønskjer å starte opp arbeidet så snart som mogleg.

Det vert samtidig søkt om løyve til å etablere ein skogsveg som skal bli nytta i arbeidet med hogsten. Skogsvegen vil bli opparbeida på same stad som den planlagte vegen i burettslaget. Den vil starte i rundkøyringa ved inngangen til Prestegardsskogen.

Området er allereie regulert til bustadområde av kommunen. Då forvaltningsstyret handsama saka i 2013 vart det teikna inn sju tomter for einebustader, 16 vertikaldelte tomannsbustadar, samt nokre blokker på inntil fem etasjar. Det er også teikna inn eit gatetun og leikeplass.

Det er Fronta Maskin som skal gjere arbeidet med skoghogsten.

- Annonse -

Utbyggjaren Prestegarden Eigedom AS hadde i 2016 eit resultat før skatt på meir enn 6,2 millionar kroner. Selskapet er i eigd 100 prosent av Ottar Grødem, som også er dagleg leiar i Stord golfklubb.

- Annonse -