- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Rammemakaren Roald Sundal flyttar verkstaden sin frå baksida av Galleri Giga og går saman med Galleri Günther i nytt lokale i Borggata.

Det er meir enn ein generasjon aldersforskjell mellom 20 år gamle Aleksander Günther Isdal og rammemakar Roald Sundal. Det har ikkje stoppa dei frå å finne saman.

– Me er to stykk som driv innan same sjangeren, og har fått til eit samarbeid. Han vil ramme inn for meg, i tillegg til sine eigne kundar, fortel Günther.

Sundal har fram til no drive verkstaden sin Rammemakaren på baksida av Galleri Giga. Men etter at det vart varsla at Galleri Giga skulle stenge, har han kome saman med den andre galleristen i byen.

– Det blir veldig enkelt for folk som vil kjøpe enkle trykk i galleriet og få ramma dei inn berre nokre meter frå der dei handlar.

Det er rundt eit år sidan Günther starta sitt eige galleri i Borggata som 19-åring. Lokalet der han no skal flytte saman med Sundal ligg vegg i vegg, og er om lag dobbelt så stort.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Günther fortel at han ønskjer også å fornye konseptet sitt, med auka fokus på gatekunst og gi moglegheit for eigne utstillingar, slik det har vore på Galleri Giga.

– Eg vil prøve å få inn litt enkeltutstillingar på veggane. Så ønskjer eg å vinkle galleriet meir mot pop art og gatekunst.

– Me gler oss veldig til opninga, og me er veldig nøgde med kor fint det er blitt her!

Det nye galleriet vil opne førstkommende laurdag.

- Annonse -