Dagleg leiar Oddrun Helvik starta Galleri Giga i 1999. Til hausten er det slutt. Foto: Facebook
- Annonse -

Oddrun Helvik gir seg som gallerist i Galleri Giga etter 19 år, og skal til helga opne sin 266. og aller siste utstilling i Leirvik sentrum.

– Det kjem eit punkt der alt har ein ende, og der det er tid for å setje eit sluttpunkt. Dette er noko eg har tenkt på lenge og som har modna seg, fortel Helvik.

Ho starta Galleri Giga i eit lite lokale i Borggata i 1999, og flytta seinare ned til Osen. Men etter 19 travle år som gallerist har 62-åringen bestemt seg for å gi seg.

– Fantastiske år

– Det har vore nokre fantastiske år, og eg er så takksam for at dette ikkje er ein konkurs. For det fortener ikkje Leirvik. Eg er heilt sikker på at viss nokon ønskjer å starte eit nytt galleri her, så er det marknad for det.

Dei to tilsette i galleriet har fått tilbodet om å ta over galleriet, men det har dei takka nei til. Det er også utelukka for Helvik å eksterne ta over drifta.

– Det trur eg er for seint. Eg har allereie teke kontakt med alle kunstnarane, og sagt opp avtalar. Dersom eg skulle selje galleriet ville eg hatt ansvar for at dei som overtek forstår alle dei hundre Excel-arka eg har jobba i. Då kan eg ikkje setje strek som i dag.

- Annonse -
- Annonse -

Eitt galleri igjen

Når Galleri Giga no gir seg vil det berre vere eitt galleri igjen i Leirvik sentrum, Galleri Günther, som 20 år gamle Aleksander Isdal Günther starta i fjor.

– Eg er veldig begeistra for at det er eit anna galleri i Leirvik. Det treng Leirvik, for kunst er ein viktig del av livet til mange.

- Annonse -

Til helga opnar den aller siste kunstutstillinga på Galleri Giga. Det er den 266. i rekkja. Så, i slutten av oktober er det slutt.

– Me veit at det no er mange som blir lei seg. Det blir nok eit tomrom etter oss. Såpass må me kunne tillate oss å seie, seier Helvik.

Huseigar Gorm Holmedal fortel om planar om eit nybygg på tomta der Galleri Giga held til i dag.

Vil bygge nytt

Eigaren av bygget som Galleri Giga held til i, Gorm Holmedal, fortel at dei no vil vurdere å rive bygget.

– Det ligg eit nybygg her i reguleringsplanen, så det er jo naturleg å tenkje at det kanskje kjem. No er dette ganske nytt for oss også, så me har ikkje tenkt om det skal vere noko nytt i lokala i ein periode før eit nybygg, eller om ein skal ta ned bygget og ha det som parkeringsplass fram til nybygget kjem.

Han vil førebels ikkje ut med fleire detaljar om korleis nybygget skal bli, eller kva tidshorisont han seg for seg. Likevel oppmodar han til at eventuelt interesserte leigetakarar tek kontakt.

– Men det er jo fine lokale, så det kan godt tenkjast at nokon kan drive galleri eller anna her ein periode. Det har iallfall vore veldig kjekt å ha Galleri Giga som leigetakarar, seier Holmedal.