Njord på Kværner Stord. Foto: Chris Ronald Hermansen/Sysla.no
- Annonse -

Etter å ha jobba redusert tempo i ei veke sa Fellesforbundet i dag ja til eit nytt tilbod frå leiinga i Kværner. 

– Me har i dag tidleg avslutta konflikten og folk er tilbake som normalt. Dette har vore ei krevjande veke, både for oss og for bedrifta, og me er veldig glad for at aksjonen no er ferdig, seier klubbleiar Amram Hadida.

Det er Sunnhordland som først melde at aksjonen var avslutta. Dei skriv at tilbodet som no var lagt fram handla om ei auke på tre kroner per time, i tillegg til ein eingongssum på 13.500 kroner. Hadida stadfestar at tilbodet dei har akseptert inneberer både lønstillegg og ein eingongssum.

– Eg kan stadfeste at det er ein kombinasjon av auka timeløn og satsing på kompetanseheving gjennom ein eingongssum. Me valde å satse på kompetanseheving til dei tilsette med tanke på den framtidige marknaden og digitaliseringa. Me har kome fram til ei semje med bedrifta at kompetanseheving vert prioritert.

Stor oppslutnad

– Har det vore stor oppslutnad om aksjonen?

- Annonse -

– Det har vore 110 innsats frå alle medlemmene. Eg er som klubbleiar stolt over samhaldet som har vore.

– Var det stor semje blant dei streikande i å avslutte aksjonen no?

– Det eg kan seie er at me har hatt eit medlemsmøte der resultatet er å akseptere forslaget.

– Det var ikkje det eg spurte om?

– Det eg seier er at resultatet av medlemsmøtet er å akseptere forslaget. Du får lese gjennom linjene, seier Hadida.

Ingen generell lønsauke

Kommunikasjonssjef Odd Naustdal presiserer at det ikkje er snakk om noko generell lønsauke i tilbodet deira, men eit kompetansetillegg.

– Det blir ikkje gitt noko generell lønsauke i dette oppgjeret, men me er samde med Fellesforbundet sine medlemmer om eit kompetansetilelgg for å understøtte kompteanseheving, digitalisering og andre tiltak for å styrke Kværner si konkurransekraft. I tillegg til dette får dei eit eingongsbeløp.

Naustdal er glad for at dei endeleg er kome fram til ei semje, og understreker at satsing på kompetanse er bra både for dei tilsette og bedrifta.

– Me har dei siste åra gjort eit kjempeløft i å utvikle kompetansen til dei tilsette, som kan bidra til å skape meir fleksibilitet. Dette arbeidet blir veldig viktig framover og vil bidra til å redusere omfanget av permitteringar i rolege periodar. Dette er bakgrunnen for at me no har blitt einige om eit kompetansetillegg

– Korleis har denne aksjonen påverka framdrifta på verftet?

– Me har sjølvsagt merka at det har vore ein aksjon. Men dette vil ikkje ha noko konsekvens for leveransen av prosjekta. Me kjem til å levere prosjekta våre slik me har lovd kundane våre, seier Naustdal.

Aksepterte ikkje eingongssum

Bakgrunnen for den vekeslange gå-sakte-aksjonen er at Fellesforbundet ikkje ville akseptere ein eingongssum frå Kværner, som meinte eit nulloppgjer var viktig grunna det sterke fokuset på å halde kostnadane nede i bransjen.

Forhandlingane mellom Fellesforbundet og leiinga i Kværner starta 1. september i haust med eit mål om å bli ferdig 1. oktober.

Etter reglane har ein då éin månad på seg til å kome fram til ei løysing før ein gå-sakte-aksjon, eller «dagsing», blir eit lovleg verkemiddel.

- Annonse -