FKH-maskoten er klar til å skape god stemning under G16-kampen mellom FK Haugesund og Brann på Stord førstkomande laurdag. Foto: FK Haugesund
- Annonse -

– Her får ein høve til å sjå nokre av dei mest spennande spelarane i landet i kamp.

Laurdag tek FK Haugesund i mot Brann til seriekamp på Vikahaugane i den nasjonale G16-serien.

– Me ønskjer å vere endå tydelegare til stades ute i regionen og ønskjer å leggje fleire kampar i nasjonale serier ut til samarbeidsklubbar på Haugalandet og Sunnhordland, skriv FKH-Akademiet på nettsidene sine.

Stord Fotball er den første samarbeidsklubben som blir vertskap for FK Haugesund sin plan om å leggje slike kampar utanom Haugesund.

Akademisjef Søren Lykke seier i ei melding at det spennande å leggje eit slikt vestlandsoppgjer ut til ein av samarbeidsklubbane.

– Me er veldig nøgde med at Stord Fotball tek i mot tilbodet om å arrangere denne kampen mot Brann. Geografisk passar kampstaden godt i forhold til motstandaren, og me ser fram til å spele på ein skikkeleg god kamparena der spelarane våre får dei beste føresetnadane for å levere ein topp prestasjon.

- Annonse -

– Samtidig vil alle interesserte i regionen få høve til å sjå ein kamp på høgste nasjonale nivå, seier Lykke.

Kampen mellom FK Haugesund og Brann går kl. 14.00 på lørdag.

G16-trenaren til FKH, Øyvind Hompland, seier det er to av landets beste G16-lag som vil møtest på Stord på laurdag.

– Det er tredje og fjerdeplassen på tabellen som møtest, så me forventar ein jamn batalje. Både me og Brann har veldig gode enkeltspelarar og ein handfull spelarar som har vore innom landslaget. Her får ein høve til å sjå nokre av dei mest spennande spelarane i landet i kamp.

- Annonse -